Salmane 116

116
1 # 18,2 Eg elskar Herren,
for han høyrde mitt rop om nåde.
2Han vende øyret til meg,
eg vil kalla på han alle mine dagar.
3 # 18,5f+ Dødens band snørte seg om meg,
redsler frå dødsriket nådde meg,
eg fann berre naud og sorg.
4Då kalla eg på Herrens namn:
«Å, Herre, berg livet mitt!»
5 # 2 Mos 34,6f; Sal 86,5+ Herren er nådig og rettferdig,
vår Gud er mild.
6 Herren vaktar dei uvitande,
han kom meg til hjelp då eg var langt nede.
7 # 42,6+ Kom til ro att, mi sjel,
Herren har svara deg!
8 # 56,14+ Ja, du har fria mitt liv frå døden,
auget frå tårer og foten frå å snubla.
9 # 116,9 landet til dei levande >27,13. Eg skal ferdast for Herrens andlet
i landet til dei levande.
10 # 2 Kor 4,13 Eg trudde, også då eg sa:
«Eg er hardt plaga.»
11 # Rom 3,4 Eg sa i min angst:
«Alle menneske lyg.»
12Kva kan eg gje Herren att
for alt det gode han gjer?
13Eg lyfter frelses beger
og kallar på Herrens namn.
14 # 22,26+ Eg oppfyller mine lovnader til Herren
framfor heile hans folk.
15 # 72,14 Det kostar Herren mykje
at hans trugne døyr.
16Å, Herre, eg er din tenar,
ein tenar og son til di tenestekvinne.
Du har løyst mine lenkjer.
17 # 50,14+ Eg slaktar takkoffer til deg
og kallar på Herrens namn.
18Eg oppfyller mine lovnader til Herren
framfor heile hans folk,
19i føregardane til Herrens hus,
midt inne i deg, Jerusalem.
Halleluja!

Markert nå:

Salmane 116: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring