Salmane 115
N11NN

Salmane 115

115
1Ikkje oss, Herre, ikkje oss,
gjev heller ditt namn ære,
du som er kjærleg og trufast.
2 # 42,4+ Kvifor skal folka seia:
«Kvar er deira Gud?»
3 # 135,6 Vår Gud er i himmelen,
alt han vil, det gjer han.
4 # 96,5+ Gudebileta deira er av sølv og gull,
menneskehender har laga dei.
5Dei har munn, men kan ikkje tala,
dei har auge, men kan ikkje sjå.
6Dei har øyre, men kan ikkje høyra,
dei har nase, men kan ikkje lukta.
7Dei har hender, men kan ikkje føla,
dei har føter, men kan ikkje gå,
dei har ikkje lyd i strupen.
8 # 97,7+ Slik blir òg dei som lagar dei,
og alle som set si lit til dei.
9 # 3,4+; 118,2ff Stol på Herren, Israel!
Han er deira hjelp og skjold.
10 # 115,10 Arons hus prestane. Jf. 2 Mos 28,1. Stol på Herren, Arons hus!
Han er deira hjelp og skjold.
11Stol på Herren, de som fryktar han!
Han er deira hjelp og skjold.
12 Herren hugsar på oss, han velsignar.
Han velsignar Israels hus,
han velsignar Arons hus.
13Han velsignar dei som fryktar Herren,
dei små og dei store.
14 # 5 Mos 1,11 Måtte Herren la dykk auka i tal,
både de og borna dykkar!
15De er velsigna av Herren,
han som skapte himmel og jord.
16 # 1 Mos 1,28 Himmelen er Herrens himmel,
men jorda gav han til mennesket.
17 # 6,6+ Dei døde prisar ikkje Herren,
alle dei som går ned til det stille landet.
18 # 113,2+ Men vi velsignar Herren
frå no og til evig tid.
Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk