Salmane 11

11
1Til korleiaren. Ein salme av David.
Hos Herren søkjer eg tilflukt.
Korleis kan de seia til meg:
«Fly opp i fjellet som ein fugl!
2 # 64,4f For sjå, dei lovlause spenner bogen
og legg si pil på strengen;
i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.
3Når grunnvollane blir rivne bort,
kva kan den rettferdige gjera?»
4 # 9,8+ Herren er i sitt heilage tempel,
Herren har si trone i himmelen.
Auga hans ser,
han prøver menneska med sitt blikk.
5 # 5,5 Herren prøver rettferdige og urettferdige,
han hatar dei som elskar vald.
6 # 1 Mos 19,24; 5 Mos 29,23; Esek 38,22; Am 4,11; Luk 17,29 Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel,
gloheit vind får dei i sitt beger.
7 # 17,15 Rettferdig er Herren,
han elskar rettferdige gjerningar.
Dei ærlege får sjå hans andlet.

Markert nå:

Salmane 11: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring