Salmane 108

108
1Ein song. Ein salme av David.
2 # 57,8ff Mitt hjarte er roleg, Gud,
eg vil syngja og spela av heile mi sjel.
3Vakna, harpe og lyre!
Eg vil vekkja morgonròden.
4 Herre, eg vil prisa deg mellom folka,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
5For høgare enn himmelen er di miskunn,
din truskap når til skyene.
6Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7 # 60,7ff Hjelp oss med di høgre hand,
svar meg så dine kjære kan bli berga.
8 # 108,8 Sukkot-dalen >60,8. Gud har tala i sin heilagdom:
Med jubel vil eg dela ut Sikem,
Sukkot-dalen vil eg måla opp.
9Mitt er Gilead, mitt er Manasse,
Efraim er hjelmen på mitt hovud,
Juda er min styrarstav.
10Men Moab er mitt vaskefat,
på Edom kastar eg sandalen.
Eg triumferer over Filistarland.
11Kven fører meg til festningsbyen,
kven leier meg til Edom?
12Du har jo støytt oss bort, Gud,
du drog ikkje ut med våre hærar.
13Støtt oss mot fienden!
Hjelp frå menneske er ingenting verd.
14I Gud skal vi gjera storverk.
Han skal trakka ned våre fiendar.

Markert nå:

Salmane 108: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring