Salmane 106

106
1 # 107,1; 118,1ff; 136,1ff Halleluja!
Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
2 # 40,6+ Kven kan nemna alle Herrens storverk,
fortelja om det herlege han har gjort?
3Sæle er dei som tek vare på retten
og alltid fremjar rettferd.
4 Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,
kom til meg med di frelse.
5Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde,
få del i gleda til folket ditt
og prisa meg lukkeleg saman med dine.
6 # 1 Kong 8,47; Dan 9,5 Vi har synda slik fedrane våre gjorde,
vi har bore oss ille åt og gjort urett.
7 # 2 Mos 14,11f Fedrane våre i Egypt tenkte ikkje på dine under,
dei kom ikkje i hug di store miskunn.
Ved sjøen var dei trassige, ved Sivsjøen.
8Men han frelste dei for sitt namn skuld
så dei skulle kjenna hans kraft.
9 # 2 Mos 14,22ff; Sal 78,13; 1 Kor 10,1f Han truga Sivsjøen, og sjøen tørka inn,
han førte dei gjennom djupet som gjennom ein ørken.
10Han frelste dei frå hatarhand,
frå fiendehand fria han dei.
11Motstandarane vart dekte av vatnet,
ingen kom frå det med livet.
12 # 2 Mos 14,3; 15,1ff Då stola dei på hans ord
og song lovsong for han.
13Snart gløymde dei det han hadde gjort,
og venta ikkje meir på råd frå han.
14 # 4 Mos 11,4ff Dei vart griske og grådige i ørkenen,
i øydemarka sette dei Gud på prøve.
15 # 4 Mos 11,31ff Då gav han dei det dei kravde,
men sende sjukdom som tærte dei bort.
16 # 4 Mos 16,1ff Dei vart misunnelege på Moses i leiren
og på Aron, Herrens heilage.
17 # 4 Mos 16,31ff Jorda opna seg og slukte Datan,
ho lukka seg over Abirams følgje.
18Då braut det ut eld blant dei,
og logen brende opp dei skuldige.
19 # 2 Mos 32,1ff Ved Horeb laga dei ein kalv
og bøygde seg for det støypte biletet.
20 # Jer 2,11; Rom 1,23 Dei bytte bort si ære
mot eit bilete av ein okse som et gras.
21 # 105,27 Dei gløymde Gud som frelste dei,
som gjorde storverk i Egypt.
22Han gjorde under i Hams land
og skremmande gjerningar ved Sivsjøen.
23 # 2 Mos 32,9ff Han sa at han ville rydda dei ut,
men Moses, hans utvalde, la seg imellom
og stagga hans øydeleggjande harme.
24 # 78,32f+ Dei vraka det herlege landet
og stola ikkje på hans ord.
25Dei murra i telta
og høyrde ikkje Herrens røyst.
26 # 4 Mos 14,21ff; 1 Kor 10,5 Då lyfte han handa mot dei
og svor å slå dei ned der i ørkenen,
27 # 3 Mos 26,38; 5 Mos 28,36f å spreia deira ætt mellom folka
og strø dei ut i landa.
28 # 106,28 Baal-Peor moabittisk gud. Jf. 4 Mos 25,3. Dei slutta seg til Baal-Peor
og heldt offermåltid for døde.
29Dei gjorde han rasande med sine gjerningar,
og pest braut ut imellom dei.
30 # 106,30 Pinhas son til Elasar, Arons son. Jf. 4 Mos 25,6ff. Då stod Pinhas fram og felte dom,
og pesten stansa.
31Han vart rekna som rettferdig
frå slekt til slekt i alle tider.
32 # 2 Mos 17,1ff; 4 Mos 20,1ff; 5 Mos 32,48ff Dei gjorde han harm ved Meriba-kjelda,
og Moses måtte lida for deira skuld.
33Dei gjorde han beisk
så han tala utan å tenkja.
34 # 5 Mos 7,1ff; 12,2f; Dom 3,5ff Dei rydda ikkje ut folka
slik Herren hadde sagt,
35men blanda seg med andre folkeslag
og lærte å gjera som dei.
36 # Dom 2,12f Dei dyrka gudebilete,
det vart ei snare for dei.
37 # 5 Mos 32,17; Jer 7,31 Dei ofra sine søner og døtrer
til dei vonde åndene.
38Dei auste ut uskuldig blod,
blodet av søner og døtrer
som dei ofra til gudebileta i Kanaan.
Og landet vart vanhelga av blodet.
39 # 5 Mos 31,16f; Dom 2,12ff Dei vart ureine gjennom sine handlingar,
med alt dei gjorde, dreiv dei hor.
40Då flamma Herrens vreide opp mot folket,
han hadde avsky for dei som høyrde han til.
41Han gav dei i hendene på andre folkeslag,
dei som hata dei, vart deira herrar.
42Dei vart undertrykte av fiendar
og måtte bøya seg under deira hand.
43Mange gonger fria han dei ut,
likevel trassa dei han med sine planar
og gjekk under i synd.
44Men han såg til dei i nauda
då han høyrde dei ropa.
45 # 5 Mos 30,3f; 32,36 Han kom i hug si pakt med dei
og viste medynk i sin store kjærleik.
46Så lét han dei møta miskunn
hos alle som heldt dei som fangar.
47Frels oss, Herre, vår Gud,
sank oss inn frå folka
så vi kan prisa ditt heilage namn
og uredde lovsyngja deg.
48 # 72,18f Velsigna er Herren, Israels Gud,
frå æve til æve!
Og heile folket skal seia: Amen!
Halleluja!

Markert nå:

Salmane 106: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring