Salmane 104

104
1 # 103,1+ Velsign Herren, mi sjel!
Stor er du, Herre, min Gud!
Du har kledd deg i høgd og herlegdom.
2 # Jes 40,22 Du sveiper lyset om deg som ei kappe,
du spenner himmelen ut som ein teltduk.
3 # 18,11; Am 9,6 Han tømrar sine høge salar i vatnet.
Han gjer skyer til si vogn
og fer fram på vindens venger.
4 # 148,8; Hebr 1,7 Han gjer vindane til sine englar
og logande eld til sine tenarar.
5 # Job 38,4ff Han grunnla jorda på hennar søyler,
aldri i æve skal ho rokkast.
6 # 24,2+ Djupet dekte henne som ei kappe,
vatnet stod over fjella.
7Då du truga, rømde det,
det flykta for lyden av di tore,
8over fjell og ned i dalar,
til staden du hadde fastsett.
9 # Ordt 8,29; Jer 5,22 Du sette ei grense det ikkje går over,
det skal aldri meir dekkja jorda.
10 # 74,15 Du lèt kjelder strøyma fram i dalane
så bekker renn mellom fjella.
11Dei gjev drikke til alle dyr på marka,
ville esel får sløkkja tørsten.
12Der finn fuglane under himmelen bustad,
dei syng mellom greinene.
13 # 147,8f Han vatnar fjella frå sin høge sal.
Jorda blir metta med frukta av di gjerning.
14 # 1 Mos 1,29f Du lèt graset spira fram for feet
og vokstrar til nytte for mennesket.
Du lèt brødet koma frå jorda,
15vinen gjev mennesket glede.
Du lèt andletet skina av olje,
brødet gjev mennesket styrke.
16 Herrens tre får sløkkja tørsten,
sedrane på Libanon, som han har planta.
17Der byggjer fuglane reir,
i sypressen har storken sitt hus.
18Dei høge fjella har steinbukken fått,
berga gjev grevlingen livd.
19 # 1 Mos 1,14ff Han skapte månen til å syna tidene,
og sola, som veit når ho skal gå ned.
20Du sender mørker, og det blir natt.
Då myldrar dei fram, alle dyr i skogen.
21 # Job 39,1f Unge løver brøler etter rov,
dei krev si føde frå Gud.
22Sola står opp, dei vender attende
og legg seg i sine hòler.
23Då går mennesket ut til si gjerning
og arbeider til kvelden kjem.
24 # 40,6+ Herre, kor mange dine gjerningar er!
Og alle har du gjort med visdom,
jorda er full av det du ber fram.
25Her er havet, stort og vidt,
med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.
26 # 74,14+ # 104,26 Leviatan stort sjødyr. =havet. leika med kan òg omsetjast «leika seg der». Der stemner skipa fram,
der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.
27 # 136,25; 145,15f Alle ventar på deg,
at du skal gje dei mat i rett tid.
28Du gjev, og dei sankar,
du opnar handa, og dei blir metta med det gode.
29 # 1 Mos 3,19; Job 34,14f; Fork 12,7 Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,
du tek livsanden frå dei, då døyr dei
og blir til støv att.
30 # Job 33,4 Du sender ut din Ande, og dei blir skapte,
du gjer jorda ny.
31 # 1 Mos 1,31 Måtte Herrens ære vara evig
og Herren gleda seg over sine gjerningar!
32 # 2 Mos 19,18f; Sal 144,5; Jes 64,1f Han ser på jorda, og ho skjelv,
han rører fjella, og dei står i røyk.
33 # 63,5+ Eg vil syngja for Herren heile mitt liv,
spela for min Gud så lenge eg er til.
34 # 19,15 Måtte orda mine gjera han glad!
Eg vil gleda meg i Herren.
35 # 104,35 Halleluja tyder «Lovsyng Herren». Lat syndarane kverva frå jorda
og ingen urettferdige finnast meir!
Velsign Herren, mi sjel!
Halleluja!

Markert nå:

Salmane 104: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring