Salmane 10
N11NN
10
1 # 10,1 Salme 9 og 10 var opph. éin salme. Kvifor, Herre, er du så langt borte,
kvifor løyner du deg når folk er i naud?
2I sitt hovmod jagar dei lovlause den som er hjelpelaus,
men dei blir fanga av sine eigne listige knep.
3Den lovlause skryter av alt han trår etter,
den griske forbannar, ja, foraktar Herren.
4 # 14,1 Den lovlause set nasen i vêret.
«Han krev meg ikkje til rekneskap!
Det finst ingen Gud», er alt han tenkjer.
5Likevel lukkast han alltid med det han gjer.
Det du har fastsett, er for høgt og fjernt for han.
Han fnyser forakteleg av alle som står imot han.
6Han seier i sitt hjarte: «Eg skal ikkje vakla.
Så lenge slekt følgjer slekt, skal ulukka aldri nå meg.»
7 # Rom 3,14 Munnen hans er full av forbanning, av svik og vald,
under tunga gøymer han skade og urett.
8Han ligg i bakhald i landsbyane,
i løynd drep han den skuldlause.
Auga hans speidar etter den som er verjelaus.
9 # 7,3+ Han ligg på lur som ei løve i krattet, der ingen ser han,
han ligg på lur så han kan gripa den som er hjelpelaus.
Han grip den hjelpelause og dreg han inn i garnet.
10Han dukkar seg ned, han krøkjer seg saman,
og den verjelause fell for hans overmakt.
11 # Job 22,13; Sal 94,7; Jes 29,15; Jer 23,23f «Gud gløymer», seier han til seg sjølv.
«Gud løyner sitt andlet og ser aldri.»
12 # 3,8+ Reis deg, Herre!
Gud, lyft di hand!
Gløym ikkje den som er hjelpelaus!
13Kvifor skal den lovlause forakta Gud
og seia i sitt hjarte: «Du krev ikkje til rekneskap»?
14 # 5 Mos 10,18; Sal 68,6; 72,4; 140,13; 146,9 Du ser både ulukke og sorg,
du ser det og tek det i di hand.
Den verjelause kan gje seg over til deg,
og den farlause – du er hans hjelpar.
15 # 104,35 Bryt armen på den som er urettferdig og vond!
Krev han til rekneskap for hans urett
så han ikkje må finnast meir!
16 # 145,13; 146,10 Herren er konge til evig tid,
framande folk skal ryddast ut av hans land.
17Det dei hjelpelause lengtar etter, høyrer du, Herre,
du stør deira hjarte, du vender øyra til.
18Du hjelper dei farlause og undertrykte til deira rett.
Menneske skal ikkje lenger bli drivne ut av landet i frykt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk