Salmane 1

1
Første boka
Salme 1–41
1 # 26,4f; 112,1; 119,1; Ordt 4,14 # 1,1 Salmane. Første boka Den bibelske salmeboka er i =masoretteksten inndelt i fem hovuddelar. Kvar del sluttar med ei velsigning, jf. 41,14; 72,18f; 89,53; 106,48; 146–150. lovlause Det hebr. ordet kan òg omsetjast «skuldige», jf. v. 5, og «urettferdige», jf. v. 6. Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause,
ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,
2 # 5 Mos 6,6f; 11,18f; Jos 1,8; Sal 2,1; 119,97 # 1,2 lov hebr. tora. =lova. men har si glede i Herrens lov
og grundar på hans lov dag og natt.
3 # 92,13; Jer 17,8 Han er lik eit tre planta ved rennande vatn.
Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje.
Alt han gjer, skal lukkast.
4 # Job 21,18; Sal 35,5; 83,14; Jes 17,13 # 1,4 agner … vinden =jordbruk. Slik er det ikkje med dei lovlause.
Dei er lik agner som spreiest for vinden.
5 # Matt 25,41ff Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen,
ingen syndarar i flokken av rettferdige.
6 # 5 Mos 5,33; Job 23,10; Sal 37,20; 68,3 For Herren kjenner vegen dei rettferdige går,
men vegen dei urettferdige går, fører vill.

Markert nå:

Salmane 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring