Ordtaka 7
N11NN
7
Annan manns kvinne
1Son min, ta vare på orda mine,
gøym boda mine hos deg!
2 # 4,4+ Hald fast på boda, så skal du leva,
ta vare på mi rettleiing som din augnestein!
3 # 3,3+ Bind dei fast til fingrane,
skriv dei på di hjartetavle!
4 # 7,4 Visdomen >1,20. Sei til Visdomen: «Du er syster mi»,
kall innsikt for din nære slektning.
5 # 2,16+ Så vaktar dei deg mot annan manns kone,
ei framand kvinne som lokkar så fint.
6Eg stod ved vindauget i huset mitt,
kikka ut gjennom gitterverket.
7Då såg eg han blant dei urøynde,
la merke til han mellom dei unge,
ein ung mann utan forstand.
8Han gjekk over gata ved hennar hjørne
og styrte stega mot huset hennar.
9I skumringa var det, om kvelden,
då nattemørkret fall på.
10Då kjem kvinna imot han,
kledd som ei hore, med listig hjarte.
11Rastlaus er ho, og ustyrleg,
heime har føtene inga ro.
12 # 23,28 Snart er ho på gata og snart på torget,
ved kvart eit gatehjørne står ho på lur.
13Ho tek tak i han og kysser han,
med ei frekk mine seier ho:
14 # 3 Mos 7,11–17; 5 Mos 23,21–23 # 7,14 fredsoffer Etter offerhandlinga vart noko av offerkjøtet ete heime. Kvinna inviterer kanskje til eit slikt måltid. «Eg hadde lova å bera fram eit fredsoffer,
i dag har eg halde lovnaden min.
15Difor gjekk eg ut for å møta deg,
eg leita etter deg og fann deg.
16Eg har lagt teppe på senga mi,
fargerikt lin frå Egypt,
17 # 7,17 myrra aromatisk saft av myrrabusken, nytta i salve og parfyme. Jf. Høgs 1,13. aloe Aloetre veks i Søraust-Asia. Veden har god ange og blir nytta til røykjelse. Jf. Høgs 4,14. og over leiet har eg strødd
myrra, aloe og kanel.
18Kom, lat oss drikka djupt av kjærleiken,
fryda oss i elskhug til morgonen gryr.
19For mannen min er ikkje heime,
han er ute på langferd.
20Pengepungen tok han med seg,
først ved fullmåne kjem han heim.»
21Ho overtala han etter beste evne,
med glatte lepper forførte ho han.
22 # 7,22 lik ein hjort … fella Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Ei anna mogleg omsetjing er «slik ein dåre blir ført i fotlenkjer til straffa». Han følgjer etter henne med det same,
lik ein okse dei fører til slakting,
lik ein hjort som går rett i fella,
23til pila borar seg inn i levra.
Han liknar fuglen som flyg mot snara,
han skjønar ikkje at det gjeld livet.
24Så høyr no på meg, søner,
lytt til orda frå min munn!
25Lat ikkje hjartet venda seg til hennar vegar,
villa deg ikkje inn på stigane hennar!
26For ho har gjeve banesår til mange,
talrike er dei ho har felt.
27 # 2,18+ Huset hennar er vegen til dødsriket,
ned til dødens salar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk