Ordtaka 4
N11NN
4
Set Visdomen høgt
1Høyr etter, born, når far formanar,
lytt, så de vinn forstand!
2God er den lærdomen eg gjev dykk.
Forkast ikkje mi rettleiing!
3Då eg var barn heime hos far,
ein sart liten gut, den einaste hos mor,
4 # 3 Mos 18,5; Ordt 7,2; 19,16 då lærte han meg:
«Hjartet ditt skal halda fast ved mitt ord,
hald boda mine, så skal du leva!
5Kjøp deg visdom, kjøp deg innsikt!
Gløym ikkje orda frå min munn,
snu deg ikkje frå dei.
6 # 4,6 Visdomen >1,20. Forlat ikkje Visdomen, så vaktar ho deg,
elsk henne, så vernar ho deg.
7Visdom er viktigast. Kjøp deg visdom,
kjøp deg innsikt med alt du eig!
8Set henne høgt, så lyfter ho deg.
Ta henne i famn, så gjev ho deg ære.
9 # 1,9 Ho set ein vakker krans på hovudet ditt
og gjev deg ei strålande krone.»
Vegen i lyset og i mørkret
10 # 3,2 Høyr etter, son, ta imot mine ord,
så blir dine leveår mange.
11 # Sal 23,3; 27,11; 32,8 Visdoms veg lærer eg deg
og fører deg på dei rette stigar.
12 # 3,23 Når du går, skal ingenting hindra foten,
når du spring, skal du aldri snubla.
13 # 5 Mos 30,15–20; 32,47 Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje,
ta vare på henne, for ho er ditt liv.
14 # Sal 1,1 På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn,
følg ikkje vegen dei vonde går!
15Sky han og hald deg unna,
vend deg frå han og gå utanom!
16Dei urettferdige får ikkje sova
om dei ikkje har gjort noko vondt.
Har dei ikkje ført nokon til fall,
blir dei liggjande søvnlause.
17Urett er brødet dei et,
vald er vinen dei drikk.
18Men dei rettferdiges stig er lik morgonròden,
som veks og klårnar mot høglys dag.
19 # 24,20 Vegen åt urettferdige er som kolmørkret;
dei veit ikkje kva dei kan snubla i.
Ta vare på hjartet
20 # 5,1 Son min, lytt når eg talar,
vend øyret til mine ord!
21 # 3,21 Slepp dei aldri av syne,
gøym dei djupt i hjartet!
22 # 3,8 Dei er liv for den som finn dei,
og gjev helse til heile kroppen.
23Ta vare på hjartet framfor alt,
for livet går ut frå det.
24Lat aldri munnen tala falske ord,
hald leppene borte frå svik!
25Lat auga dine sjå beint fram,
fest blikket på det som ligg framføre!
26Gjer stigen jamn der foten skal gå,
då blir alle dine vegar trygge.
27 # 5 Mos 5,32; Jos 1,7 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
hald foten din borte frå det vonde!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk