Ordtaka 26
N11NN
26
1Som snø om sommaren og regn i innhaustinga,
så lite høver ære for dåren.
2Lik sporv og svale som flaksar og flyg,
er grunnlaus forbanning, ho råkar ikkje.
3 # Sal 32,9; Ordt 10,13; 19,29 Svepe til hesten, taum til eselet
og ris til ryggen på dårar!
4Svar ikkje dåren like dumt som han spør,
elles blir du sjølv som han.
5Svar dåren like dumt som han spør,
så han ikkje blir vis i eigne auge.
6Den som sender bod med ein dåre,
høgg føtene av seg og drikk vald.
7Slappe heng føtene på den lamme
og ordtak i munnen på dårar.
8Lik den som legg stein i slyngja,
er den som gjev ein dåre ære.
9Lik ei tornegrein i handa på ein drankar
er eit ordtak i munnen på dårar.
10 # 26,10 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Lik ein bogeskyttar som sårar kvar og ein,
er den som leiger ein dåre
eller folk som tilfeldigvis går forbi.
11 # 2 Pet 2,22 Lik hunden som snur seg til sitt eige spy,
er ein dåre som tek opp att sin dårskap.
12 # 3,7; 29,20; Rom 12,16 Ser du ein mann som er vis i eigne auge?
Det er større håp for dåren enn for han.
13 # 22,13 Den late seier:
«Det er eit villdyr på vegen,
ei løve på torget!»
14Døra svingar på gjenga,
den late snur seg i senga.
15 # 19,24 Den late stikk handa i fatet,
men gidd ikkje ta henne til munnen.
16Den late er visare i eigne auge
enn sju som gjev kloke svar.
17Lik ein som tek tak i øyra på ein hund,
er den som kjem forbi
og ryk opp i sinne for ei trette
som ikkje kjem han ved.
18Lik ein galning som skyt
brennande og dødelege piler,
19er den som har svike ein ven
og seier: «Det var berre ein spøk.»
20 # 22,10 Er det slutt på veden, sloknar elden;
når baktalaren er borte, stilnar tretta.
21Det trengst kol til glør og ved til eld
og trettekjær mann til å skapa strid.
22 # 18,8 Ord frå ein baktalar er som lekre retter,
dei glid ned i magen.
23Som ureint sølv utanpå eit leirkar
er sleipe lepper og eit vondt hjarte.
24Ein fiende skaper seg til med leppene,
men inni seg ber han på svik.
25 # Sal 28,3; Jer 9,8 Gjer han røysta blid, så tru han ikkje,
for sju avskyelege ting har han i hjartet.
26Om han skjuler hatet med list,
kjem vondskapen fram når folket samlast.
27 # Sal 7,16; 9,16; 35,8; 57,7; Fork 10,8 Den som grev ei grav, fell sjølv nedi,
den som rullar ein stein, får han over seg.
28Den som talar med falsk tunge,
hatar sanning;
glatt munn fører til fall.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk