Ordtaka 22

22
1 # Fork 7,1 Godt namn er meir verdt enn stor rikdom,
respekt er betre enn sølv og gull.
2 # Job 31,15; Ordt 29,13 Rik og fattig møtest,
Herren har skapt dei begge.
3 # 27,12 Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,
dei vitlause går på og får si straff.
4 # 15,33; 18,12 Å vera audmjuk og frykta Herren
gjev rikdom, ære og liv.
5På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer,
den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.
6 # 20,11 Lær den unge vegen han skal gå,
så vik han ikkje av når han blir gammal.
7 # Neh 5,1–11 Den rike er herre over dei fattige,
den som låner, blir slave under långjevaren.
8 # Job 4,8; Ordt 11,18; Hos 10,12f; Gal 6,7f Den som sår urett, haustar vondskap,
riset han bruker i sinne, blir øydelagt.
9 # 28,27 Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna,
for han deler sitt brød med den fattige.
10 # 26,20 Jag spottaren ut, så går krangelen med,
strid og skam får ein ende.
11 # 16,13 Den som elskar eit reint hjarte
og har milde ord på leppene,
får kongen til ven.
12 Herrens auge vaker over kunnskapen,
men svikarens ord gjer han til inkjes.
13 # 26,13 Den late seier: «Det er ei løve der ute,
eg kunne bli drepen midt på torget!»
14 # 23,27 Munnen til framand kvinne er ei djup grav,
den Herren er harm på, fell nedi.
15 # 13,24 Dumskap høyrer ungdomen til,
riset kan oppdra og driva dumskapen bort.
16 # 22,16 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik,
og den som gjev gåver til rike,
lid berre tap.
Tredje samlinga
(22,17–24,34)
Ord frå dei vise
17 # 5,1 # 22,17 22,17–24,22 er ei eiga samling. Den første delen, 22,17–23,11, er i slekt med ei egyptisk visdomsbok frå rundt år 1100 f.Kr., Amenemopes lære. Legg øyret til og høyr orda frå dei vise,
legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.
18Det er godt å ta vare på dei i sitt indre
og alltid ha dei på leppene.
19For deg kunngjer eg dei i dag,
så du kan setja di lit til Herren.
20Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for deg
med kloke råd
21for å læra deg sanne og pålitelege ord,
så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.
22 # 2 Mos 23,6 Ran ikkje den fattige fordi han er fattig,
knus ikkje den hjelpelause i retten!
23 # 23,11 For Herren vil føra saka for dei
og røva livet frå røvarane.
24Ver ikkje ven med den hissige,
slå ikkje lag med den bråsinte,
25så du ikkje lærer deg hans vegar
og set ei snare for ditt liv.
26 # 6,1+ Ver ikkje blant dei som gjev sitt handslag
og stiller kausjon for gjeld.
27Om du ikkje har noko å betala med,
tek dei endåtil senga du ligg på.
28 # 5 Mos 19,14; Job 24,2; Ordt 23,10 Flytt ikkje gamle grensesteinar
som fedrane dine har reist.
29Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid?
Han kan ta teneste hos kongar
og skal ikkje tena hos småkårsfolk.

Markert nå:

Ordtaka 22: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring