Ordtaka 19

19
1 # 28,6 Betre å vera fattig og heil i si ferd
enn å vera ein dåre med falske lepper.
2Iver utan kunnskap er av det vonde,
den som har hastverk, trør feil.
3Eigen dårskap fører mennesket til fall,
men hjartet rasar mot Herren.
4 # 14,20 Rikdom skaffar mange vener,
den fattige mistar den venen han har.
5 # 5 Mos 19,18f; Ordt 6,19; 21,28; 24,28; 25,18 Falske vitne slepp ikkje straff,
dei som fer med løgn, går ikkje fri.
6 # 17,8+ Mange smiskar for storfolk,
alle er vener med den som gjev gåver.
7 # 14,20 Den fattige er forakta av alle sine slektningar,
jamvel venene hans held seg unna.
Han vil vinna dei med ord, men dei kjem ikkje.
8Den som vinn seg innsikt, har livet kjært,
den som tek vare på forstand, finn det gode.
9 # 19,5+ Falske vitne slepp ikkje straff,
dei som fer med løgn, går til grunne.
10 # 30,21f Det høver ikkje for dåren å leva i overflod,
endå mindre for slaven å rå over fyrstar.
11 # 14,29 Forstand gjer mennesket sein til vreide,
det set si ære i å bera over med feilsteg.
12 # 16,14f; 20,2 Kongens sinne er som løvebrøl,
hans velvilje er som dogg over graset.
13 # 10,1+; 27,15 Ein uvitug son er ei ulukke for far sin,
kvinnetrette er som stadig takdrop.
14 # 18,22 Hus og eigedom er arv frå fedrane,
ei forstandig kone er ei gåve frå Herren.
15 # 6,9ff Latskap dyssar i søvn,
den som er makeleg, må svelta.
16 # Luk 10,28 Den som tek vare på bodet, tek vare på livet,
den som ikkje bryr seg om kor han går, må døy.
17 # Ordt 14,21; Matt 25,40 Den som hjelper den fattige, låner til Herren,
som vil løna han for det han har gjort.
18 # 5 Mos 21,18–21; Ordt 3,12+ Ver streng mot son din, for det er enno håp,
men bli ikkje så ivrig at du tek livet av han.
19Den som lèt harmen ta makta, må bera straffa;
vil du berga han, må du gjera det igjen og igjen.
20 # 15,32 Høyr på råd og ta imot formaning,
så blir du vis til slutt.
21 # 16,1 Det er mange tankar i menneskehjartet,
men det er Herrens vilje som skjer.
22 # Mi 6,8 Truskap er det ein ønskjer av eit menneske;
betre å vera fattig enn ein løgnar.
23 # 11,19; 14,27 Å frykta Herren gjev liv.
Mett kan ein gå til nattekvile
og vera trygg for det vonde.
24 # 26,15 Den late stikk handa i fatet,
men får henne ikkje opp til munnen eingong.
25 # 21,11 Slå spottaren, så blir den vitlause klok,
vis den vituge til rette, så får han større forstand.
26 # 20,20+ Den som plyndrar far sin, kastar ut mor si.
Slik ein son gjev spott og skam.
27Hald opp med å høyra på formaning, son min,
om du vil vika frå kunnskapens ord.
28 # 15,28 Eit vondsinna vitne spottar retten,
munnen til lovlause sluker vondskap.
29 # 10,13; 20,30 Straff er fastsett for dei som spottar,
og pryl for ryggen på dårar.

Markert nå:

Ordtaka 19: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring