Ordtaka 14

14
1Den vise kvinna byggjer huset,
den dumme riv det ned med eigne hender.
2 # 8,13; 21,8 Den som går rett fram, fryktar Herren,
den som går krokvegar, foraktar han.
3I den dummes munn skyt hovmod fram,
men for dei vise er leppene eit vern.
4Utan oksar er krubba tom,
men med sterke stutar følgjer stor avling.
5 # 6,19; 12,17 Eit ærleg vitne lyg ikkje,
men falske vitne fer med løgn.
6Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje,
for den som er klok, er det lett å få kunnskap.
7Hald deg borte frå dåren,
du får ikkje kunnskap frå leppene hans.
8Den klokes visdom er å kjenna sin veg,
dårars dårskap er å narra seg sjølve.
9 # 14,9 Dei dumme … om skuld kan òg omsetjast «Skulda/skuldofferet håner dei dumme». Dei dumme talar hånleg om skuld,
hos dei rettskafne rår velvilje.
10Hjartet kjenner si eiga sorg,
ingen framand er med det i gleda.
11 # Job 8,22; Ordt 12,7 Dei urettferdige får huset lagt øyde,
men det blømer i teltet til dei rettskafne.
12 # 16,25 Ein veg som synest vera den rette,
kan likevel enda i døden.
13 # Fork 2,1f Jamvel når ein ler, kan hjartet lida
og gleda enda med sorg.
14 # 1,31; Jes 3,10 Den trulause blir mett av si eiga ferd
og den gode av sine gjerningar.
15Den truskuldige trur alt som blir sagt,
den kløktige gjev akt på sine steg.
16Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det,
dåren er overmodig og sjølvsikker.
17 # 14,29+ Den som er bråsint, gjer dumme ting,
den som legg vonde planar, blir hata.
18Dei truskuldige arvar dårskap,
dei kløktige blir krona med kunnskap.
19Dei vonde må bøya seg for dei gode
og dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.
20 # 19,7 Jamvel av sin neste blir den fattige hata,
mange er dei som elskar den rike.
21 # Sal 41,2 Synd gjer den som foraktar sin neste,
sæl er den som viser medynk med dei fattige.
22Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,
dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.
23 # 21,5 Alt strev fører vinning med seg,
tomt snakk gjev berre tap.
24Rikdom kronar dei vise,
dårars dårskap er og blir dårskap.
25 # 12,17 Eit ærleg vitne bergar liv,
den som fer med løgn, er ein svikar.
26Å frykta Herren er eit trygt vern,
der kan borna òg søkja tilflukt.
27 # 10,11; 13,14 Å frykta Herren er ei kjelde til liv
slik at ein vender seg bort frå dødens snarer.
28Å ha mykje folk er til heider for kongen,
mangel på folk gjer at fyrsten fell.
29 # 12,16; 14,17; 15,18; 29,22 Den som er sein til vreide, har stor innsikt,
den bråsinte viser kor dum han er.
30Eit friskt hjarte gjev kroppen liv,
sjalusi er som verk i knoklane.
31 # 17,5 Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar,
den som hjelper den fattige, ærar Gud.
32Den urettferdige fell for sin eigen vondskap,
jamvel i døden finn den rettferdige tilflukt.
33 # 14,33 er ho ukjend Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Hebr. har «gjev ho seg til kjenne». I hjartet til den kloke slår Visdomen seg ned,
men blant dårar er ho ukjend.
34Rettferd lyfter eit folkeslag,
men synd er ei skam for folka.
35 # 1 Mos 41,37ff Ein forstandig tenar vinn velvilje hos kongen,
ein duglaus blir råka av harmen hans.

Markert nå:

Ordtaka 14: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring