Ordtaka 12
N11NN
12
1 # Sal 141,5; Ordt 10,17+ Den som elskar formaning, elskar kunnskap,
dum er den som hatar tilrettevising.
2Den som er god, vinn velvilje hos Herren,
den som legg vonde planar, blir dømd skuldig.
3 # 10,25 Med urett kan ingen stå støtt,
rota til dei rettferdige kan ingen rikka.
4 # 31,10f Dugande kvinne er ei krone for mannen,
duglaus kone er som verk i knoklane.
5Dei rettferdige tenkjer på det som er rett,
dei urettferdige legg svikefulle planar.
6 # 1,18 Dei urettferdige talar og ligg på lur etter blod,
tunga bergar dei rettskafne.
7 # 14,11; Matt 7,24ff Dei urettferdige blir kasta i koll og kjem bort,
husa til dei rettferdige står.
8Ein mann får ros etter sitt vit,
den som tenkjer vrangt, blir forakta.
9 # 13,7 Betre å vera lite vørd og ha ein tenar
enn å spela storkar og mangla mat.
10 # 27,23 Den rettferdige har omsorg for buskapen sin,
dei urettferdige er utan hjartelag.
11 # 28,19 Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,
vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.
12Den urettferdige vil setja vonde snarer,
rota til dei rettferdige skal stå fast.
13Svikefulle lepper blir ei felle for den vonde,
den rettferdige slepp ut or nauda.
14 # Sal 62,13; Ordt 13,2; 18,20; Matt 16,27 Kvar og ein nyt godt av det munnen ber fram,
eit menneske får att for det som det har gjort.
15 # 18,2 Den dumme held sin veg for å vera den rette,
vis er den som høyrer på råd.
16 # 14,29+ Den dumme viser det straks når han er sint,
klok er den som teier når han blir krenkt.
17 # 6,19; 14,25 Den som vitnar sant, talar rett,
falske vitne fer med svik.
18 # 15,4 Tankelaus tale stikk som sverd,
men vismenn har lækjedom på tunga.
19Lepper som talar sant, står seg for alltid,
ei tunge som lyg, berre ei lita stund.
20Dei som tenkjer ut vondt, har svik i hjartet,
glede får dei som rår til fred.
21 # Sal 91,10; Ordt 11,21+ Ikkje noko vondt skal ramma den rettferdige,
dei urettferdige får ulukke i fullt mål.
22 Herren avskyr lygande lepper,
men gler seg over dei som viser truskap.
23Den kløktige skjuler sin kunnskap,
dårane ropar dumskapen ut.
24 # 10,4+ Flittig hand får herska,
latskap leier til slavekår.
25 # 16,24 Uro i hjartet tyngjer mannen,
eit godt ord gjer han glad.
26 # 12,26 slepp unna det vonde Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Den rettferdige slepp unna det vonde,
men vegen dei urettferdige går, fører vill.
27 # 10,4+ Den late får ikkje steikt sin mat,
den flittige får rike skattar.
28 # 10,16; Matt 7,13f På rettferds stig er livet å finna,
den vegen fører ikkje til døden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk