4. Mosebok 8

8
Vigslinga av levittane
1 Herren sa til Moses: 2#2 Mos 25,37 «Tal til Aron og sei: Når du set opp lampene, skal dei sju lampene lysa opp rett framfor lysestaken.» 3#2 Mos 27,20f; 3 Mos 24,3f Aron gjorde så. Han sette opp lampene slik at dei kasta lys rett framfor lysestaken, slik Herren hadde pålagt Moses. 4#2 Mos 25,31.40 Slik var lysestaken laga: Han var av hamra gull. Frå foten til krona var han av hamra gull. Moses laga lysestaken etter det førebiletet Herren hadde synt han.
5 Herren sa til Moses: 6Ta ut levittane frå dei andre israelittane og reins dei! 7#19,9; Hebr 9,13f Dette skal du gjera for å reinsa dei: Skvett reinsingsvatn på dei. Så skal dei raka seg over heile kroppen og vaska kleda sine. Slik skal dei reinsa seg. 8Dei skal ta ein ung okse og grødeofferet som høyrer til, kveitemjøl blanda med olje. Til syndoffer skal du ta ein annan ung okse.
9Så skal du la levittane koma fram til teltheilagdomen og kalla saman heile forsamlinga av israelittar. 10Levittane skal koma fram for Herren, og israelittane skal leggja hendene på levittane. 11#8,11 svingeoffer >6,20. For Herrens andlet skal Aron innvia levittane som eit svingeoffer frå israelittane, slik at dei kan gjera teneste for Herren. 12Levittane skal leggja hendene på hovudet til oksane. Så skal du ofra den eine oksen som syndoffer og den andre som brennoffer for Herren, for å gjera soning for levittane. 13Du skal stilla levittane framfor Aron og sønene hans og innvia dei som eit svingeoffer for Herren. 14#3,45 Slik skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til.
15Sidan skal levittane koma og gjera teneste ved teltheilagdomen, etter at du har reinsa dei og vigd dei som eit svingeoffer. 16#3,9.12f For dei er gjevne, heilt gjevne til meg og åtskilde frå dei andre israelittane. Eg har teke dei som mine eigne i staden for alle som opnar mors liv, alle førstefødde hos israelittane. 17For alt førstefødd blant israelittane, både av folk og av fe, høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alt førstefødd i Egypt, helga eg dei som mine. 18Men no har eg teke ut levittane i staden for alle dei førstefødde hos israelittane. 19#1,53; 3,9; 18,22f Eg tok levittane ut frå dei andre israelittane og gav dei til Aron og sønene hans. Dei skal tena israelittane i teltheilagdomen og gjera soning for dei, så det ikkje skal koma ulukke over israelittane om dei kjem for nær heilagdomen.
20Moses og Aron og heile Israels forsamling gjorde dette med levittane. Alt som Herren hadde pålagt Moses når det gjaldt levittane, det gjorde israelittane med dei. 21Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron innvigde dei som eit svingeoffer til Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine. 22Etter dette kom levittane og gjorde si teneste ved teltheilagdomen under tilsyn av Aron og sønene hans. Alt som Herren hadde pålagt Moses når det gjaldt levittane, det gjorde dei med dei.
23 Herren sa til Moses: 24#4,3 Slik skal det vera med levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei mønstrast til teneste i teltheilagdomen. 25Men når dei har fylt femti år, skal dei trekkja seg tilbake frå tenesta og ikkje arbeida lenger. 26Dei kan hjelpa brørne sine i teltheilagdomen med å utføra oppgåvene deira, men noko arbeid skal dei ikkje ha. Slik skal du gjera det med levittane og oppgåvene deira.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring