4. Mosebok 32

32
Ruben og Gad får land austafor Jordan
1Ruben-sønene og Gad-sønene hadde ei stor mengd med fe. Då dei såg dei gode beitemarkene i Jaser og Gilead-landet, 2kom dei til Moses og presten Elasar og til leiarane i forsamlinga og sa: 3#21,32 «Atarot, Dibon, Jaser, Nimra, Hesjbon, Elale, Sebam, Nebo og Beon, 4desse landområda som Herren har vunne for Israels forsamling, er godt høvelege til fedrift, og vi, tenarane dine, har fe. 5Om du ser på oss med velvilje», sa dei, «så lat tenarane dine få dette landet til eigedom. Lat oss sleppa å dra over Jordan!»
6Moses svara Gad-sønene og Ruben-sønene: «Skal brørne dykkar gå i krigen medan de slår dykk til ro her? 7Kvifor må de gje israelittane vrangvilje i hjartet så dei ikkje vil dra over til det landet Herren har gjeve dei? 8Det same gjorde fedrane dykkar då eg sende dei frå Kadesj-Barnea for å sjå nærare på landet. 9#13,3ff; 5 Mos 9,23 Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, gjorde dei israelittane motlause, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei. 10Den dagen flamma Herrens vreide opp, og han svor: 11#14,28ff; 26,65; Jos 14,6ff Ingen av dei mennene som drog opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg svor å gje til Abraham, Isak og Jakob, for dei har ikkje følgt meg trufast 12#32,12 Kenas ein av etterkomarane av Esau. Jf. 1 Mos 36,11. – ingen utan Kaleb, son til Jefunne av Kenas-slekta, og Josva, son til Nun. For dei har følgt Herren trufast. 13Og Herrens vreide flamma opp mot Israel, så han lét dei flakka omkring i ørkenen i førti år, til det var borte, heile det slektsleddet som hadde gjort det som vondt var i Herrens auge. 14Sjå, no står de her akkurat som fedrane dykkar, de syndar-avkom, og gjer Herrens brennande vreide mot Israel endå større! 15For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i ørkenen, og de fører ulukke over heile dette folket.»
16Då kom dei fram til han og sa: «Vi vil laga kveer for feet vårt her og byggja byar for borna våre. 17#Jos 4,12f Sjølve vil vi væpna oss til strid så snøgt vi kan, og gå føre israelittane til vi har ført dei dit dei skal. Men borna våre skal vera att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet. 18Vi skal ikkje venda heim att før alle israelittar har fått eigedom, kvar og ein sin del. 19For vi vil ikkje ta land saman med dei på andre sida av Jordan og lenger borte når vi får vår eigedom her på austsida av Jordan.»
20 # Jos 1,13ff Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de væpnar dykk til krig for Herren 21og alle stridsbudde menn mellom dykk fer over Jordan for Herren heilt til han har drive fiendane sine bort, 22og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet skal vera dykkar eigedom for Herrens andlet. 23Men gjer de ikkje dette, sjå, då syndar de mot Herren. Vit at synda skal finna dykk att. 24Bygg byar for borna dykkar og lag kveer for småfeet, men det som munnen har lova, må de òg gjera!»
25Då sa Gad-sønene og Ruben-sønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har bode, herre. 26Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera att her i byane i Gilead. 27Men vi, tenarane dine, alle som er væpna til strid for Herren, skal dra over i krigen slik du har sagt, herre.»
28Så gav Moses påbod om dei til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i Israel-stammane. 29Moses sa til dei: «Dersom Gad-sønene og Ruben-sønene går over Jordan saman med dykk, alle som er væpna til krig for Herren, og de legg landet under dykk, då skal de la dei få Gilead-landet til eigedom. 30Men dersom krigarane ikkje går over saman med dykk, skal dei få eigedom blant dykk i Kanaan-landet.»
31Gad-sønene og Ruben-sønene svara: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera. 32Vi skal dra over til Kanaan-landet, væpna til strid for Herren. Då får vi vår eigedom på denne sida av Jordan.»
33 # 5 Mos 3,12ff; Jos 13,7f Så lét Moses Gad-sønene, Ruben-sønene og halvparten av stammen til Manasse, son til Josef, få riket til amorittkongen Sihon og riket til Og, kongen i Basan. Dei fekk landet med byane der og dei landområda som grensa mot byane, landet omkring. 34Gad-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer, 35Atrot-Sjofan, Jaser, Jogbeha, 36Bet-Nimra og Bet-Haran, festningsbyar med kveer for småfeet. 37Og Ruben-sønene bygde opp att Hesjbon, Elale, Kirjatajim, 38Nebo, Baal-Meon og Sibma. Men namna vart endra. Dei gav nye namn til byane dei bygde.
39 # 1 Mos 50,23 Etterkomarane av Makir, son til Manasse, fór til Gilead, tok landet i eige og dreiv bort amorittane som budde der. 40Og Moses gav Makir, son til Manasse, Gilead-landet, og han busette seg der. 41#Dom 10,4; 1 Krøn 2,21f Ja'ir, son til Manasse, drog av stad og tok teltbyane der. Og han kalla dei Ja'irs teltbyar. 42Nobah drog av stad og tok Kenat og småbyane der omkring. Han kalla byen Nobah, etter seg sjølv.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring