4. Mosebok 31
N11NN

4. Mosebok 31

31
Strid og deling av byttet
1 Herren sa til Moses: 2#25,17ff; 27,12f «Fullfør hemnen frå israelittane over midjanittane! Sidan skal du sameinast med folket ditt.»
3Då sa Moses til folket: «Nokre av dykk må væpna seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei. 4Tusen mann frå kvar stamme, frå alle stammane i Israel, skal de senda ut i striden.» 5Så vart tusen mann frå kvar stamme valde ut frå Israels tusen, i alt tolv tusen mann væpna til strid. 6#10,9 Dei sende Moses ut i strid, tusen mann frå kvar stamme. Saman med dei i striden gjekk Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg tinga frå heilagdomen og signaltrompetane.
7Dei gjekk til strid mot Midjan, slik Herren hadde pålagt Moses, og drap alle mennene der. 8#4 Mos 22,5f; 31,16; Jos 13,21ff#31,8 Bileam Jf. kap. 22–24. I tillegg til dei andre som fall, drap dei Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba. Det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira. 9#5 Mos 20,14 Israelittane førte bort kvinnene og småborna i Midjan som fangar. Alle husdyra, heile buskapen og all rikdomen deira tok dei som krigsbytte. 10Dei sette eld på alle teltleirane og alle byane dei budde i. 11Og dei tok med seg alt krigsbyttet og alt dei hadde teke, både av menneske og av dyr. 12Fangane, krigsbyttet og det dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels forsamling, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.
13Moses, presten Elasar og alle leiarane i forsamlinga gjekk til møtes med dei utanfor leiren. 14Moses var sint på befalingsmennene som kom heim att frå striden, både førarane for tusen og førarane for hundre mann. 15Han sa til dei: «Har de late alle kvinnene leva? 16#25,1ff Hugs at det var desse som på Bileams ord lokka israelittane til å vera trulause mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens forsamling. 17Slå no i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn. 18Men alle småjenter som ikkje har lege med menn, skal de spara. 19#19,11.16 Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar. 20Alle klesplagg, alle ting av skinn, alt som er laga av geiteragg, og alle ting av tre skal de reinsa.»
21Presten Elasar sa til stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei forskrift i den lova som Herren påla Moses: 22Gull og sølv, kopar og jern, tinn og bly, 23#31,23 reinsingsvatn Jf. 19,9. alt som toler eld, skal de la gå gjennom eld, så det blir reint. Og så skal det reinsast med reinsingsvatn. Men alt som ikkje toler eld, skal de la gå gjennom vatn. 24Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de blir reine. Sidan kan de koma inn i leiren.»
25 Herren sa til Moses: 26«Du og presten Elasar og dei som er leiarar for familiane i forsamlinga, skal telja opp krigsbyttet dei har teke, både av menneske og av dyr. 27#1 Sam 30,23ff Så skal du dela det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av forsamlinga. 28Av krigarane som gjekk ut i strid, skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av menneske og av storfe, esel og småfe. 29Dette skal du ta av deira halvpart, og du skal gje det til presten Elasar. Det skal vera ei gåve til Herren. 30Av den halvparten som fell på israelittane, skal du ta éin av femti, både av menneske og av storfe, esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.»
31Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde pålagt Moses. 32Krigsbyttet, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 småfe, 3372 000 storfe 34og 61 000 esel. 35Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn.
36Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 småfe, 37av dei var 675 avgift til Herren, 3836 000 storfe, av dei var 72 avgift til Herren, 39og 30 500 esel, av dei var 61 avgift til Herren. 40Talet på menneske var 16 000, av dei var 32 avgift til Herren. 41Avgifta som var ei gåve til Herren, gav Moses til presten Elasar, slik Herren hadde pålagt Moses.
42Den halvparten som fall på israelittane, og som Moses hadde teke frå krigarane, 43den halvparten som forsamlinga fekk, var 337 500 småfe, 4436 000 storfe, 4530 500 esel 46og 16 000 menneske. 47Av den halvparten som fall på israelittane, tok Moses éin av femti, både av folk og av husdyr. Han gav dei til levittane, som tok seg av tenesta i Herrens bustad, slik Herren hadde pålagt Moses.
48Så gjekk befalingsmennene over hæravdelingane fram for Moses, både tusenmannsførarane og hundremannsførarane. 49Dei sa til han: «Tenarane dine har talt opp dei krigarane vi hadde hand om, og det vanta ikkje ein mann. 50No kjem vi med eit offer til Herren, slike ting av gull som kvar av oss har funne: armringar, armband, fingerringar, øyreringar og halskjeder. Det skal vera til soning for oss hos Herren
51Moses og presten Elasar tok imot gullet dei kom med, alle slag fint arbeidde ting. 52#31,52 16 750 sjekel ca. 201 kg. Gullet som tusenmannsførarane og hundremannsførarane bar fram som offergåve til Herren, var i alt 16 750 sjekel. 53Men det byttet som krigarane hadde vunne, tok dei sjølve. 54Då Moses og presten Elasar hadde teke imot gullet av tusenmannsførarane og hundremannsførarane, bar dei det inn i teltheilagdomen. Det skulle vera ei påminning om israelittane for Herrens andlet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk