4. Mosebok 30
N11NN

4. Mosebok 30

30
1Dette sa Moses til israelittane. Det var heilt og fullt så som Herren hadde pålagt Moses.
Om lovnader
2Moses sa til overhovuda for Israel-stammane: Dette har Herren gjeve påbod om: 3#5 Mos 23,21; Fork 5,3f Den som gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, må ikkje bryta ordet sitt, men gjera alt han har lova.
4Når ei ung kvinne som enno bur heime hos far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til å halda seg frå noko, 5og far hennar får høyra om lovnaden og kva ho har bunde seg til, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag. 6Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, for faren sa nei til henne.
7Set at ho, når ho blir gjeven til ein mann, har ein lovnad på seg eller har bunde seg med eit tankelaust ord som kom over leppene hennar. 8Dersom mannen hennar får høyra om det, men ikkje seier noko til henne same dagen som han høyrer om det, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. 9Men dersom mannen hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, ugyldig, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Herren skal tilgje henne.
10Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal alt ho har bunde seg til, stå ved lag.
11Men dersom ho bur hos mannen sin og gjev ein lovnad eller bind seg til å halda seg frå noko, 12og mannen hennar får høyra om det, men teier og ikkje seier nei til henne, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag. 13Men dersom mannen hennar gjer dei ugyldige same dagen som han får høyra om dei, då skal ikkje noko som er kome over leppene hennar, stå ved lag, anten det er ein lovnad ho har gjeve, eller ei plikt ho har teke på seg. Mannen hennar har gjort det ugyldig, og Herren skal tilgje henne. 14Kvar lovnad ho har gjeve, og kvar eid som bind henne til å halda seg frå eit eller anna fordi ho vil visa måtehald, kan mannen hennar stadfesta eller gjera ugyldig. 15Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, eller alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko same dagen som han får vita om det. 16Men dersom han gjer det ugyldig ei tid etter at han høyrde om det, må han bera hennar skuld.
17Dette er dei forskriftene Herren påla Moses om den retten som gjeld mellom mann og kvinne, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur i huset til far sin.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk