4. Mosebok 23

23
1Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!» 2Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein vêr på kvart altar. 3Så sa Bileam til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg går av stad. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.
Bileams tale
4Gud kom til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til dei sju altara, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein vêr.» 5Då la Herren ord i munnen på Bileam og sa: «Gå tilbake til Balak og sei det eg har sagt deg.» 6Bileam gjekk tilbake og fekk sjå Balak stå bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar. 7#5 Mos 23,4#23,7 Jakob Namnet blir nytta både om stamfaren og om folket Israel. Då bar han fram sin visdomstale:
Frå Aram vart eg henta av Balak,
frå fjella i aust av Moabs konge:
«Kom! Lys forbanning over Jakob for meg!
Kom! Kall vreide ned over Israel!»
8Kan eg forbanna den
som Gud ikkje har forbanna?
Kan eg kalla vreide ned
når Herren ikkje er vreid?
9Eg ser han frå toppen av berga,
frå høgdene skodar eg han:
Her er eit folk som bur for seg sjølv,
det blir ikkje rekna blant andre folkeslag.
10 # 1 Mos 13,16; 28,14 Kven kan telja Jakobs støvkorn,
kven kjenner talet på Israels støvgrann?
Gjev eg fekk døy slik den rettvise døyr,
gjev livet mitt enda som hans!
11Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer mot meg? Eg gav deg i oppdrag å forbanna fiendane mine, og sjå, no har du rikt velsigna dei!» 12#22,38 Bileam svara: «Skulle eg ikkje ta meg i vare og seia det Herren legg meg i munnen?» 13Men Balak sa til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du òg kan sjå folket. Men frå den staden kan du berre sjå utkanten av dei, og ikkje alle. Derifrå kan du forbanna dei for meg.» 14#21,20 Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein vêr. 15#23,3f Bileam sa til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg møter Gud der borte.»
16 Herren kom til møtes med Bileam og la ord i munnen hans. «Gå tilbake til Balak», sa han, «og sei det eg har sagt deg.» 17Då Bileam kom att, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine. Moabs hovdingar stod saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren18Då bar han fram sin visdomstale:
Reis deg, Balak, og høyr!
Legg øyret til, du son til Sippor!
19 # 1 Sam 15,29; Sal 33,4; Jes 45,23; Tit 1,2 Gud er ikkje ein mann, så han lyg,
eit menneskebarn, så han skifter hug.
Gjer han ikkje det han seier,
held han ikkje det han lovar?
20Eg fekk i oppdrag å velsigna.
Velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.
21Det er ingen vondskap i sikte for Jakob,
inga ulukke å sjå for Israel.
Herren deira Gud er med dei,
med jubelrop blir kongen hylla hos dei.
22 # 24,8 # 23,22 styrke eig. «horn», eit vanleg bilete på kraft. Gud, som førte dei ut av Egypt,
har styrke som ein villokse.
23 # 5 Mos 18,14ff For det er ingen som tek varsel i Jakob,
det finst ikkje spådom i Israel.
I rette tid blir det sagt til Jakob og Israel
kva Gud har gjort.
24 # 1 Mos 49,9 Sjå, folket reiser seg som ei løvinne,
som ei løve fer det opp!
Det legg seg ikkje til ro
før det har metta seg med rov
og drukke blodet av dei det drap.
25Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!» 26#22,38 Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg må gjera alt det som Herren seier?» 27Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud synest det er rett at du forbannar folket for meg derifrå.» 28Så tok Balak med seg Bileam opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over heile øydemarka. 29Bileam sa til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!» 30Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring