4. Mosebok 22
N11NN
22
Kongen i Moab sender bod til Bileam
1Israel braut opp. Så slo dei leir på slettene i Moab, på den andre sida av Jordan, midt imot Jeriko. 2Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane, 3og i Moab steig redsla for dette folket som var så talrikt. Dei var redde for å møta Israel. 4Moab sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne bølingen til å beita ned alt omkring oss her, akkurat som når oksane beiter graset snautt ute på markene.»
På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab. 5#Jos 24,9; Mi 6,5#22,5 Petor Bileams heimstad var kanskje ved Eufrat i Mesopotamia. Jf. 5 Mos 23,4. Etter 4 Mos 23,7 vart han henta frå det arameiske fjellandet. Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg. 6No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.»
7 # 2 Pet 2,15f; Jud 11 Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak. 8Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam.
9Gud kom til Bileam og sa: «Kven er desse mennene du har hos deg?» 10Bileam svara Gud: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt bod til meg: 11Sjå dette folket som har kome frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk. Du må koma og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut.» 12Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna folket, for det er velsigna.» 13Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Gå tilbake til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å følgja med dykk.» 14Moab-hovdingane tok av stad. Dei kom til Balak og sa: «Bileam ville ikkje vera med oss.»
15Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første. 16Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Eg bed deg, lat ikkje noko hindra deg i å koma til meg! 17For eg skal visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom no og forbann dette folket for meg!» 18Bileam svara tenarane til Balak: «Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren min Gud seier, korkje i smått eller stort. 19No bed eg om at de òg må vera her i natt, så får eg vita kva meir det er Herren vil seia meg.» 20Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg.»
Bileams esel
21Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane. 22Då flamma Guds vreide opp fordi han drog, og Herrens engel stilte seg framfor han på vegen som ein motstandar. Sjølv kom han ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine. 23Då fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam slo eselet for å få det inn att på vegen.
24Sidan stilte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vinmarkene. Det var steingard på begge sider. 25Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til.
26Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre. 27Då eselet fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. Raseriet flamma opp i Bileam, og han slo eselet med staven sin.
28 # 2 Pet 2,16 Då gav Herren eselet munn og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.» 29Bileam svara eselet: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepa deg no!» 30Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei», svara han. 31Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda.
32 Herrens engel sa til han: «Kvifor har du no tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd. 33Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men late eselet leva.» 34Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda! Eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Om dette er urett i dine auge, skal eg venda heim att.» 35Herrens engel sa til Bileam: «Følg med desse mennene! Men du må ikkje seia noko anna enn det eg byd deg.» Så følgde Bileam med hovdingane åt Balak.
Balak og Bileam
36 # 22,36 Ir-Moab Ar i Moab. Jf. 21,28; Jes 15,1. Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad for å møta han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet. 37Balak sa til Bileam: «Sende eg ikkje bod gong på gong for å henta deg? Kvifor kom du ikkje? Skulle ikkje eg kunna visa deg ære?» 38#23,12.26 Bileam svara: «Sjå, no er eg komen til deg. Og no, kan eg seia kva som helst? Dei orda som Gud legg meg i munnen, dei må eg tala.»
39Så følgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot. 40Balak slakta storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han. 41Morgonen etter tok Balak med seg Bileam og førte han opp til Bamot Baal. Derifrå kunne han sjå den ytste delen av folkemengda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk