4. Mosebok 2
N11NN

4. Mosebok 2

2
Israels-hæren blir mønstra
1 Herren tala til Moses og Aron:
2Israelittane skal slå leir, kvar under sitt banner og sitt familiemerke. Leiren skal liggja omkring teltheilagdomen og vera vend mot han.
3Juda med sitt banner skal slå leir på austsida, mot soloppgangen, hæravdeling for hæravdeling. Nahsjon, son til Amminadab, er leiar for Juda-sønene, 4og 74 600 er mønstra i hæravdelinga hans. 5Jissakar-stammen skal slå leir ved sida av. Netanel, son til Suar, er leiar for Jissakar-sønene, 6og 54 400 er mønstra i hæren hans. 7Så kjem Sebulon-stammen. Eliab, son til Helon, er leiar for Sebulon-sønene, 8og 57 400 er mønstra i hæren hans. 9Alle som er mønstra i Juda-leiren, er 186 400, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp først.
10Ruben med sitt banner skal slå leir mot sør, hæravdeling for hæravdeling. Elisur, son til Sjede'ur, er leiar for Ruben-sønene, 11og 46 500 er mønstra i hæren hans. 12Simon-stammen skal slå leir ved sida av. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er leiar for Simon-sønene, 13og 59 300 er mønstra i hæren hans. 14Så kjem Gad-stammen. Eljasaf, son til De'uel, er leiar for Gad-sønene, 15og 45 650 er mønstra i hæren hans. 16Dei som er mønstra i Ruben-leiren, er i alt 151 450, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer to.
17Teltheilagdomen skal førast ut når levittleiren bryt opp; han er midt mellom dei andre leirane.
Slik dei slår leir, skal dei bryta opp, kvar på sin plass og under sitt banner.
18Efraim med sitt banner skal slå leir mot vest, hæravdeling for hæravdeling. Elisjama, son til Ammihud, er leiar for Efraim-sønene, 19og 40 500 er mønstra i hæren hans. 20Manasse-stammen skal slå leir ved sida av Efraim. Gamliel, son til Pedasur, er leiar for Manasse-sønene, 21og 32 200 er mønstra i hæren hans. 22Så kjem Benjamin-stammen. Abidan, son til Gidoni, er leiar for Benjamin-sønene, 23og 35 400 er mønstra i hæren hans. 24Dei som er mønstra i Efraim-leiren, er i alt 108 100, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer tre.
25Dan-stammen med sitt banner skal slå leir mot nord, hæravdeling for hæravdeling. Ahieser, son til Ammisjaddai, er leiar for Dan-sønene, 26og 62 700 er mønstra i hæren hans. 27Asjer-stammen skal slå leir ved sida av. Pagiel, son til Okran, er leiar for Asjer-sønene, 28og 41 500 er mønstra i hæren hans. 29Så kjem Naftali-stammen. Ahira, son til Enan, er leiar for Naftali-sønene, 30og 53 400 er mønstra i hæren hans. 31Dei som er mønstra i Dan-hæren, er i alt 157 600. Desse skal bryta opp til slutt under sine banner.
32 # 1,46f Dette er dei israelittane som vart mønstra, familie for familie. Talet på dei som vart mønstra i leirane, hæravdeling for hæravdeling, var i alt 603 550. 33Men levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, for dette hadde Herren pålagt Moses. 34Israelittane gjorde alt Herren hadde pålagt han. Slik slo dei leir under sine banner, og slik braut dei opp, kvar einskild med si slekt og sin familie.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk