4. Mosebok 16

16
Opprør mot Moses blir straffa
1Korah, son til Jishar, som var son til Kehat, son til Levi, saman med Datan og Abiram, sønene til Eliab, og On, son til Pelet, Rubens son, 2#1,16; 26,9 gjorde opprør mot Moses. Dei fekk med seg to hundre og femti israelittar som var leiarar i forsamlinga, menn som var peika ut i forsamlinga, og som hadde eit godt namn. 3No samla dei seg mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Heile forsamlinga, alle saman, er heilage, og Herren er midt iblant dei. Kvifor vil de då setja dykk over Herrens forsamling?»
4Då Moses høyrde dette, kasta han seg ned med andletet mot jorda. 5#17,5 Så sa han til Korah og heile forsamlinga hans: «I morgon vil Herren visa kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær. 6Slik skal de gjera: Korah og heile forsamlinga hans, ta dykk glopanner, 7ha gloande kol i dei og legg røykjelse oppå for Herrens andlet i morgon. Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Det er de som går for langt, de Levi-søner!»
8Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, levittar! 9#3,6ff; 4,2ff Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå forsamlinga for å føra dykk nær til seg, så de får gjera teneste i Herrens bustad og stå framfor forsamlinga og tena henne? 10Han har late deg og alle brørne dine, levittane, koma nær til seg. Og no vil de ha prestetenesta òg! 11#2 Mos 16,7 I sanning, det er mot Herren du og heile forsamlinga di har slege dykk saman. Men Aron, kva er han, sidan de klagar over han?»
12Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje opp til deg! 13Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i ørkenen? Skal du halda fram med å styra og regjera over oss? 14Du har sanneleg ikkje ført oss til noko land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vinmarker til eige. Har du tenkt å stikka ut auga på desse menneska? Vi kjem ikkje opp til deg.» 15#1 Sam 12,3 Då flamma vreiden opp i Moses. Han sa til Herren: «Ta ikkje imot offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»
16Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile forsamlinga di stiga fram for Herren saman med Aron. 17De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar mann skal bera si eiga glopanne fram for Herren, to hundre og femti glopanner. Du og Aron skal òg ta kvar si glopanne.» 18Så tok kvar mann si glopanne, hadde glødande kol i dei og la røykjelse på. Så stilte dei seg i opninga til teltheilagdomen saman med Moses og Aron. 19Korah samla heile forsamlinga mot dei ved opninga til teltheilagdomen.
Då synte Herrens herlegdom seg for heile forsamlinga. 20Herren sa til Moses og Aron: 21«Skil dykk ut frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink!» 22#27,16; 2 Sam 24,17; Job 12,10 Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod! Blir du harm på heile forsamlinga fordi éin mann syndar?»
23 Herren sa til Moses: 24«Tal til forsamlinga og sei: Hald dykk borte frå plassen omkring bustaden til Korah, Datan og Abiram!» 25Moses reiste seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste følgde han. 26#2 Kor 6,17; Op 18,4 Han sa til forsamlinga: «Vend dykk bort frå telta til desse lovlause mennene, og rør ikkje noko som er deira. Elles blir de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.»
27Då gjekk dei bort frå området kring bustaden til Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene, dei vaksne borna og småborna sine. 28Moses sa: «Ved dette skal de vita at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, det er ikkje frå mitt eige hjarte. 29Dersom desse døyr på same måten som andre menneske og blir ramma som alle andre, då har ikkje Herren sendt meg. 30Men dersom Herren viser si skaparmakt slik at jorda opnar gapet og sluker dei og alt som høyrer dei til, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har forakta Herren
31Med det same han hadde sagt dette, rivna jorda under dei. 32Jorda opna gapet og slukte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei eigde. 33#26,10; 5 Mos 11,6; Sal 63,10; 106,17; Jud 11 Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket. Jorda gøymde dei, og slik vart dei utrydda frå forsamlinga. 34Alle israelittane som stod omkring dei, flykta då dei høyrde skriket deira. «Elles kan jorda sluka oss òg», sa dei. 35#3 Mos 10,1f; 4 Mos 11,1 Så fór det eld ut frå Herren og fortærte dei to hundre og femti mennene som bar fram røykjelse.
36Då sa Herren til Moses: 37Sei til presten Elasar, son til Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei er heilage, og spreia glørne vidt utover. 38Av glopannene til desse syndarane som mista livet, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Fordi mennene bar dei fram for Herren, har dei vorte heilage. Det skal vera eit teikn for israelittane.
39Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei. 40#1,51; 3,10 Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje var av Arons ætt, skulle brenna røykjelse for Herrens andlet og vera lik Korah og forsamlinga hans. Elasar gjorde som Herren hadde sagt til han gjennom Moses.
Aron gjer soning for folket
41Dagen etter klaga heile Israels forsamling til Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk!» sa dei. 42Men når forsamlinga no slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot teltheilagdomen. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg. 43Då gjekk Moses og Aron fram for teltheilagdomen.
44 Herren sa til Moses: 45«Gå bort frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda. 46Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå. Skund deg bort til forsamlinga og gjer soning for dei! For vreide er gått ut frå Herren, det har brote ut pest!»
47Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i forsamlinga. Og sjå, pesten hadde alt brote ut mellom folket. Han la røykjelse på glørne og gjorde soning for folket. 48Medan han stod der mellom døde og levande, stansa pesten. 49Men det var 14 700 som døydde av pesten, i tillegg til dei som mista livet for Korahs skuld. 50Aron gjekk tilbake til Moses ved opninga til teltheilagdomen. Pesten hadde stansa.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring