4. Mosebok 14
N11NN
14
Murring og straff
1 # 21,5; 5 Mos 1,26f Då braut forsamlinga ut i høge rop, og folket gret den natta. 2#2 Mos 16,3 Alle israelittane klaga til Moses og Aron. Heile forsamlinga ropa til dei: «Berre vi hadde fått døy i Egypt eller her i ørkenen. Berre vi hadde fått døy! 3Kvifor fører Herren oss til dette landet så vi må falla for sverd og kvinnene og småborna våre bli krigsbytte? Var det ikkje betre for oss å venda attende til Egypt?» 4Og dei sa til kvarandre: «Vi vel ein leiar og vender attende til Egypt!»
5Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels forsamling. 6#13,30#14,6 reiv sund kleda teikn på sorg eller audmjuking. =sørgjeskikkar. Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og utforska landet, reiv sund kleda sine 7og sa til heile forsamlinga av israelittar: «Det landet vi drog igjennom og utforska, er eit svært godt og innbydande land. 8Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. 9#5 Mos 20,3f; 32,30f; Sal 121,5 Gjer berre ikkje opprør mot Herren! De skal ikkje vera redde folket i landet, dei er berre ein brødbit for oss. Skuggen deira har vendt seg frå dei, men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!»
10 # 2 Mos 17,4; 1 Sam 30,6 Men heile forsamlinga ropa at dei skulle steinast. Då synte Herrens herlegdom seg for alle israelittane ved teltheilagdomen. 11Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket forakta meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei? 12#2 Mos 32,10f; 5 Mos 9,14 Lat meg slå dei med pest og driva dei bort! Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og mektigare enn dei.
13Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du med di kraft førte dette folket opp frå landet deira, 14#2 Mos 13,21; Jos 9,9 og dei har fortalt det til dei som bur i dette landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt iblant dette folket, at du viser deg for dei auge mot auge, Herre, når skya di står over dei, og at du går føre dei i ei skysøyle om dagen og i ei eldsøyle om natta. 15Lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt ryktet om deg, til å seia: 16#5 Mos 9,28; Esek 20,14 «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, så han slakta dei ned i ørkenen.» 17Men no, Herre, vis di store makt, slik du har sagt det: 18#2 Mos 20,5; 34,6f+ «Herren er sein til vreide og rik på miskunn. Han tilgjev skuld og lovbrot, men lèt ikkje den skuldige vera utan straff. Han straffar borna i tredje og fjerde ledd for synda til fedrane.» 19Tilgjev i di store miskunn den synda dette folket har gjort, slik du har tilgjeve dette folket heilt frå Egypt og til no.
20Då sa Herren: Eg tilgjev dei, slik du bed om. 21#Jes 6,3 Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: 22Ingen av desse mennene som har sett min herlegdom og sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i ørkenen, og som likevel har sett meg på prøve for tiande gong og ikkje høyrt på det eg har sagt, 23#26,65; 5 Mos 1,35 sanneleg, ingen av dei skal sjå landet eg med eid har lova fedrane deira. Ingen som foraktar meg, skal sjå det! 24#Jos 14,6–14 Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har følgt meg trufast. Difor vil eg føra han inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få ta det i eige. 25#14,25 Sivsjøen her Akaba-bukta. Men i dalane bur amalekittane og kanaanearane. I morgon må de snu og dra ut i ørkenen, langs vegen mot Sivsjøen.
26 Herren sa til Moses og Aron: 27Kor lenge skal denne vonde forsamlinga klaga til meg? Eg har høyrt korleis israelittane klagar over meg. 28#14,2 Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren: Som de har ropa meg i øyret, slik skal eg gjera med dykk. 29#1,45f I denne ørkenen skal lika dykkar bli liggjande, alle de som vart mønstra i manntalet, alle frå tjue år og oppover som har klaga over meg. 30#26,65 Ingen av dykk skal koma inn i landet som eg med lyft hand svor at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. 31#5 Mos 1,39 Men småborna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vraka. 32Men lika av dykk skal bli liggjande her i ørkenen. 33#Sal 95,10f; 1 Kor 10,5; Hebr 3,17; Jud 5 Og borna dykkar skal vera gjetarar i ørkenen i førti år. Dei skal lida for at de var trulause, til den siste av dykk endar som lik i ørkenen. 34#13,25; Esek 4,6 Liksom de utforska landet i førti dagar, skal de bera skulda dykkar i førti år, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna min uvilje. 35Eg, Herren, har sagt at slik vil eg gjera med heile denne vonde forsamlinga som har svore seg saman mot meg. I denne ørkenen skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.
36Dei mennene som Moses hadde sendt for å utforska landet, kom att og sette heile forsamlinga opp mot han ved å spreia vonde rykte om landet, 37#13,32 og desse mennene som sette ut vonde rykte om landet, døydde av pest for Herrens andlet. 38Av dei mennene som drog for å utforska landet, fekk berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, leva.
39Då Moses fortalde dette til israelittane, vart folket gripe av djup sorg. 40#5 Mos 1,41–44 Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom», sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.» 41Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast. 42Gå ikkje opp dit, for Herren er ikkje midt iblant dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar. 43For der møter de amalekittane og kanaanearane, og då fell de for sverd! Fordi de har vendt dykk bort frå Herren, vil han ikkje vera med dykk.»
44Likevel var dei trassige og gjekk oppover mot høgdedraget. Men korkje Herrens paktkiste eller Moses forlèt leiren. 45#14,45 Horma hebr. for «slegen med bann». Jf. 4 Mos 21,3. Byen ligg lengst sør i Kanaan, nær Beer-Sjeba, og vart tidlegare kalla Sefat. Jf. Dom 1,17. Då kom dei ned, både amalekittane og kanaanearane som budde på dette fjellet. Dei slo israelittane og forfølgde dei heilt til Horma.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk