4. Mosebok 13

13
Israelittane utforskar Kanaan
1 Herren sa til Moses: 2#5 Mos 1,22 «Send av stad nokre menn for å utforska Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Éin mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera leiarar.» 3Herrens ord sende Moses dei ut frå Paran-ørkenen. Kvar mann var mellom overhovuda for israelittane.
4Dette er namna deira: for Ruben-stammen Sjammua, son til Sakkur; 5for Simon-stammen Sjafat, son til Hori; 6#Jos 14,6f for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne; 7for Jissakar-stammen Jigal, son til Josef; 8for Efraim-stammen Hosea, son til Nun; 9for Benjamin-stammen Palti, son til Rafu; 10for Sebulon-stammen Gaddiel, son til Sodi; 11for Josef-stammen, det vil seia Manasse-stammen, Gaddi, son til Susi; 12for Dan-stammen Ammiel, son til Gemalli; 13for Asjer-stammen Setur, son til Mikael; 14for Naftali-stammen Nahbi, son til Vofsi; 15for Gad-stammen Ge'uel, son til Maki. 16#Matt 1,21 Det var namna på dei mennene som Moses sende for å utforska landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva.
17Då Moses sende dei av stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare opp i fjellet! 18Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. 19Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar? 20Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene.
21 # 13,21 Sin-ørkenen ved grensa til Kanaan, rett sør for Negev. Ein annan Sin-ørken er nemnd i 2 Mos 16,1. Lebo-Hamat nær sørgrensa av aramearriket Hamat. Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat. 22#1 Mos 13,18; 5 Mos 1,28; 9,2#13,22 Soan by i Nil-deltaet (Tanis), kjend for dei staselege bygningane sine. Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt. 23#13,23 Esjkol-dalen Esjkol tyder «drueklase». Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar. 24Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
25Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet. 26Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet. 27#2 Mos 3,8 Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der. 28Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg. 29I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»
30 # 14,6f Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!» 31Men dei mennene som drog opp saman med han, sa: «Vi kan ikkje gå til åtak på dette folket, for dei er sterkare enn vi.» 32Dei sette ut rykte blant israelittane om landet dei hadde utforska. Dei sa: «Det landet vi drog gjennom og undersøkte, er eit land som et opp dei som bur der. Og alle folka vi såg, var storvaksne menn. 33#5 Mos 9,2 Der såg vi kjemper òg – anakittane høyrer til kjempene. I eigne auge var vi som grashopper, og det var vi i deira auge òg.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring