4. Mosebok 12
N11NN

4. Mosebok 12

12
Herren blir harm på Mirjam og Aron
1Ein gong tok Mirjam og Aron til orde mot Moses på grunn av den kusjittiske kona hans; for han hadde teke seg ei kone frå Kusj. 2#2 Mos 15,20; Mi 6,4 Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren. 3Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.
4Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til teltheilagdomen, alle tre!» Alle tre gjekk ut. 5#11,25 Då steig Herren ned i ei skysøyle og stilte seg i opninga til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram. 6Så sa Herren:
Høyr mine ord!
Er det ein profet hos dykk?
I syn gjev eg meg til kjenne for han,
i draumar talar eg til han.
7 # Hebr 3,2 Slik er det ikkje med Moses, tenaren min.
I heile mitt hus er han den mest trudde.
8 # 2 Mos 33,11; 5 Mos 34,10; 1 Kor 13,12 Andlet til andlet talar eg med han,
i klåre syn, ikkje i gåter,
Herrens skapnad ser han.
Kvifor var de ikkje redde
for å ta til orde mot Moses, tenaren min?
9 Herrens vreide flamma opp mot dei, og han gjekk bort.
10 # 5 Mos 24,9 Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot Mirjam, såg han at ho var sjuk. 11Han sa til Moses: «Herre, straff oss ikkje for ei synd vi har gjort i vår dårskap. 12Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»
13Då ropa Moses til Herren: «Gud, gjer henne frisk!» 14#3 Mos 13,46 Men Herren svara Moses: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, måtte ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.» 15Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før ho var komen inn att. 16#10,12 Men då drog dei vidare frå Haserot og slo leir i Paran-ørkenen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.