Nehemja 8

8
1Då samla folket seg, alle som ein, på plassen framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel. 2Og presten Esra bar fram lova for forsamlinga, både menn og kvinner, alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den første dagen i den sjuande månaden. 3Han las i lovboka på plassen framfor Vassporten frå morgongry til midt på dagen for mennene og kvinnene, alle som kunne skjøna. Heile folket lytta til lovboka. 4Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til dette. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Maaseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam.
5Esra opna boka framfor auga til alt folket, for han stod høgare enn dei andre. Då han opna henne, reiste alt folket seg. 6Esra velsigna Herren, den store Gud, og alt folket lyfte hendene medan dei sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei seg ned og tilbad Herren med andletet mot jorda. 7Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Maaseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja forklara lova for folket, som vart ståande. 8Dei las opp frå Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjøna.
9Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som underviste folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sørgja og ikkje gråta!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova. 10#Fil 4,4 Han sa så til dei: «Gå og et feite retter og drikk søt vin, og send mat som gåver til dei som ikkje har noko! For denne dagen er heilag for vår Herre. Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke.» 11Levittane roa folkemengda og sa: «Ver stille, for dette er ein heilag dag. Ver ikkje fylte av sorg!» 12Då gjekk alt folket for å eta og drikka og senda gåver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei.
Israel held lauvhyttefest
13Den andre dagen samla dei seg hos Esra, den skriftlærde, for å granska lovorda – leiarane for familiane i heile folket, prestane og levittane. 14#3 Mos 23,34ff+ I lova som Herren hadde pålagt Moses, fann dei skrive at israelittane skulle bu i lauvhytter på festen i den sjuande månaden, 15og at dei skulle gjera kjent og ropa ut i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og hent lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvtre for å laga hytter, som skrive står!»
16Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei laga hytter, kvar på sitt tak og tun, og i føregardane til Guds hus, på plassen ved Vassporten og på plassen ved Efraim-porten. 17Heile forsamlinga, dei som hadde vendt attende frå fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Før denne dagen hadde israelittane ikkje gjort dette sidan Josva, son til Nun, levde. Gleda var stor.
18 # 5 Mos 31,10f Esra las frå Guds lovbok dag etter dag, frå den første til den siste dagen. Dei heldt fest i sju dagar, og på den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling, slik det var fastsett.

Markert nå:

Nehemja 8: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring