Nehemja 7

7
1Då muren var bygd og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktene, songarane og levittane utnemnde. 2Til å styra over Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og Hananja, leiaren for borga. For han var ein påliteleg mann og meir gudfryktig enn dei fleste. 3Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola byrjar å verma, og medan dei enno står vakt, skal dørene stengjast og låsast. Set dei som bur i Jerusalem, til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
Folket i Jerusalem
4Byen var vid og stor, men folket der var fåtalig, og husa var enno ikkje gjenreiste. 5Min Gud la meg på hjartet å samla leiarane, stormennene og heile folket for å registrera dei. Eg fann då slektsregistra over dei som hadde drege opp tidlegare, og der stod det skrive:
6 # Esra 2,1ff Dette er mennene frå provinsen Juda som drog tilbake frå fangenskapet i eksil. Kong Nebukadnesar av Babel hadde ført dei dit, og no hadde dei vendt attende til Jerusalem og Juda, kvar til sin by. 7Dei kom saman med Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Raamja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Baana.
Dette er talet på mennene frå Israelsfolket: 8etterkomarar av Parosj 2172, 9av Sjefatja 372, 10av Arah 652, 11av Pahat-Moab, altså av Josva og Joab, 2818, 12av Elam 1254, 13av Sattu 845, 14av Sakkai 760, 15av Binnui 648, 16av Bebai 628, 17av Asgad 2322, 18av Adonikam 667, 19av Bigvai 2067, 20av Adin 655, 21av Ater, altså av Hiskia, 98, 22av Hasjum 328, 23av Besai 324, 24av Harif 112. 25Frå Gibeon 95 menn, 26frå Betlehem og Netofa 188, 27frå Anatot 128, 28frå Bet-Asmavet 42, 29frå Kirjat-Jearim, Kefira og Beerot 743, 30frå Rama og Geba 621, 31frå Mikmas 122, 32frå Betel og Ai 123, 33frå det andre Nebo 52. 34Etterkomarar av den andre Elam 1254, 35av Harim 320. 36Menn frå Jeriko 345, 37frå Lod, Hadid og Ono 721. 38Etterkomarar av Senaa 3930.
39Prestane: etterkomarar av Jedaja, frå Josvas hus, 973, 40av Immer 1052, 41av Pasjhur 1247, 42av Harim 1017.
43Levittane: etterkomarar av Josva og Kadmiel, altså av Hodavja, 74.
44Songarane: etterkomarar av Asaf 148.
45Portvaktene: etterkomarar av Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 138.
46Tempeltenarane: etterkomarar av Siha, Hasufa, Tabbaot, 47Keros, Sia, Padon, 48Lebana, Hagaba, Sjalmai, 49Hanan, Giddel, Gahar, 50Reaja, Resin, Nekoda, 51Gassam, Ussa, Paseah, 52Besai, me'unittane og nefusittane, 53Bakbuk, Hakufa, Harhur, 54Baslit, Mehida, Harsja, 55Barkos, Sisera, Tamah, 56Nesiah og Hatifa.
57Etterkomarane av Salomos tenarar: av Sotai, Soferet, Perida, 58Jaala, Darkon, Giddel, 59Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon. 60Tempeltenarane og etterkomarane av Salomos tenarar var i alt 392.
61Dette er dei som drog tilbake frå Tel-Melah, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til: 62etterkomarar av Delaja, Tobia og Nekoda 642, 63og etterkomarar av prestane: av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn. 64Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta. 65#7,65 urim og tummim heilage gjenstandar som vart brukte til å kasta lodd med for å finna Guds vilje. >2 Mos 28,30. =prest. Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.
66Heile forsamlinga var i alt 42 360. 67I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 245 mannlege og kvinnelege songarar. 68#7,68 Verset manglar i den hebr. teksten, men finst i =Septuaginta og i Esra 2,66. {{Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,}} 69435 kamelar og 6720 esel.
70 # 7,70 gulldrakmar =mynt. Nokre leiarar for familiar gav til arbeidet. Statthaldaren gav 1000 gulldrakmar, 50 offerskåler og 530 prestedrakter til arbeidsfondet. 71#7,71 sølvminer =mynt. Andre leiarar gav 20 000 gulldrakmar og 2200 sølvminer til fondet. 72Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2000 sølvminer og 67 prestedrakter.
73Prestane, levittane, portvaktene, songarane og nokre av folket busette seg i sine byar, medan tempeltenarane og alle dei andre i Israel busette seg i sine byar.
Esra les opp lova
Den sjuande månaden kom. Israel hadde no busett seg i byane sine.

Markert nå:

Nehemja 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring