Nehemja 6

6
Muren blir fullført
1 # 2,19 Sanballat, Tobia, arabaren Gesjem og dei andre fiendane våre fekk høyra at eg hadde bygd muren opp att, og at det ikkje fanst brest i han lenger, men enno hadde eg ikkje sett inn dører i portane. 2#6,2 Ono-dalen ligg mellom Jerusalem og Jaffa, i eit område som var nøytralt i striden mellom Nehemja og Sanballat. Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg: «Kom, lat oss møtast i Hakkefirim i Ono-dalen.» Dei hadde tenkt å skada meg. 3Eg sende bodberarar til dei med svaret: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stansa dersom eg går frå det og dreg ned til dykk.» 4Fire gonger sende dei same bodet, og kvar gong gav eg same svaret.
5Sanballat sende tenaren sin til meg med det same bodet ein femte gong, no med eit ope brev i handa. 6Der stod det skrive: «Folkeslaga har fått høyra, og Gesjem stadfester det, at du og judearane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer muren. Det blir sagt at du vil vera kongen deira. 7Du skal jamvel ha sett profetar til å ropa om deg i Jerusalem: ‘Ein konge i Juda!’ Dette vil kongen no få høyra. Kom difor og lat oss rådslå om saka!»
8Men eg gav dette svaret: «Ingenting av det du talar om, har hendt. Dette er noko du sjølv har funne på.» 9For alle ville skremma oss. Dei sa: «Dei kjem til å mista motet, og arbeidet vil ikkje bli gjort.» – Og no, styrk hendene mine!
10Då gjekk eg inn i huset til Sjemaja, son til Delaja, son til Mehetabel, som måtte halda seg heime. Han sa: «Lat oss møtast i Guds hus, midt i tempelet. Lat oss låsa dørene der, for dei kjem til å drepa deg om natta.» 11Eg svara: «Skulle ein mann som eg rømma? Og skulle ein som eg gå inn i tempelet og framleis leva? Nei, eg går ikkje inn.» 12For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han. Han tala profetord om meg fordi Tobia og Sanballat hadde betalt han. 13Han hadde fått betaling for at eg skulle bli skremd til å gjera som han ville, og synda. Slik ville eg få eit dårleg namn og bli til spott.
14 # Sal 74,22f Min Gud, hugs Tobia og Sanballat for det dei har gjort, og profetkvinna Noadja og dei andre profetane som ville skremma meg.
15 # 6,15 månaden elul den sjette månaden i den jødiske kalenderen, som fall seint på sommaren i august–september. =tidsrekning. Muren var ferdig den tjuefemte dagen i månaden elul, etter femtito dagar. 16Alle fiendane våre fekk høyra det, og alle folkeslaga omkring oss fekk sjå det. Då innsåg dei kva som hadde hendt, og skjøna at arbeidet var fullført med hjelp frå vår Gud.
17På den tida sende òg leiarane i Juda mange brev til Tobia, og Tobia svara dei. 18Mange i Juda var bundne til han gjennom eid, for han var svigerson til Sjekanja, son til Arah, og Johanan, son hans, hadde gift seg med dotter til Mesjullam, son til Berekja. 19Dei heldt fram med å tala vel om han til meg, og mine ord bar dei vidare til han. Tobia sende òg brev for å skremma meg.

Markert nå:

Nehemja 6: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring