Nehemja 5

5
Sletting av gjeld
1Det steig eit klagerop frå folket og kvinnene mot dei judeiske brørne. 2Somme sa: «Med sønene og døtrene våre er vi mange. Vi må ha korn så vi kan eta og leva.» 3#1 Mos 47,19 Andre sa: «Åkrane, vinmarkene og husa våre gjev vi i pant for å få korn mot svolten.» 4Atter andre sa: «Vi låner pengar på åkrane og vinmarkene våre til skatt for kongen. 5Vi er av same kjøt og blod som brørne våre, våre born er som deira born. Likevel må vi tvinga sønene og døtrene våre til slaveri. Ja, nokre av døtrene våre er alt slavar. Men vi er maktlause, for åkrane og vinmarkene våre høyrer andre til.»
6Då eg høyrde klageropa og det dei fortalde, vart eg svært sint. 7#2 Mos 22,25; 5 Mos 15,1ff Men hjartet mitt gav meg råd, og eg refsa dei fremste og stormennene og sa til dei: «Krev de inn noko de har lånt ut til dykkar eigne brør?» Så kalla eg inn til eit folkemøte om dette. 8Eg sa til dei: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, judearane, som var selde til andre folk. Men de sel dykkar eigne brør, så vi må kjøpa dei fri att.» Dei vart stumme og fann ikkje ord. 9Så sa eg: «Det er ikkje rett, det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i frykt for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal spotta oss? 10Eg, brørne mine og tenestefolka mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss sletta desse låna! 11Lat dei i dag få att åkrane, vinmarkene, olivenlundane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar i pengar, korn, ny vin og fin olje som de har lånt dei.» 12Dei svara: «Vi skal gje tilbake og ikkje krevja inn noko frå dei. Vi skal gjera som du seier.» Eg kalla på prestane og bad dei sverja på dette. 13Så riste eg ut brystfalden på kappa mi og sa: «Måtte Gud slik rista ut frå hus og eigedom den som ikkje held dette ordet, måtte han bli rista og tømd ut.» Heile forsamlinga sa «amen», og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket det dei hadde lova.
14 # 5,14 Artaxerxes >1,1. Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i landet Juda, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, åt korkje eg eller mine folk statthaldaren sitt brød. 15Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt ei stor bør på folket. Dei tok førti sjekel sølv om dagen til brød og vin. Også mennene deira var harde mot folket. Men eg gjorde ikkje slikt, for eg frykta Gud.
16 # 5,16 ikkje eigde jord Berre jordeigarar hadde plikt til å vera med og byggja muren. Eg var òg med i arbeidet på denne muren, sjølv om vi ikkje eigde jord, og alle mennene mine var samla til arbeid der. 17150 judearar og stormenn åt ved mitt bord, i tillegg til dei som kom til oss frå folkeslaga omkring oss. 18Kvar dag fekk eg laga til ein okse, seks sauer av beste sort og fugl, og kvar tiande dag mykje god vin av alle slag. Likevel gjorde eg ikkje krav på statthaldaren sitt brød. For arbeidet kvilte tungt på dette folket. 19Min Gud, rekna meg til gode alt det eg har gjort for dette folket!

Markert nå:

Nehemja 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring