Nehemja 13
N11NN

Nehemja 13

13
Nehemjas reformer
1 # 5 Mos 23,3+ Denne dagen vart det lese opp frå Moseboka for øyra til folket. Der stod det skrive at ingen ammonitt eller moabitt nokon gong måtte koma inn i Guds forsamling. 2#4 Mos 22,5ff For dei møtte ikkje israelittane med brød og vatn, og dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning. 3Då dei no høyrde det som stod i lova, skilde dei alle av blanda opphav ut frå Israel.
4 # 2,10; 4,3; 6,1 Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib, ein slektning av Tobia, fått tilsyn med romma i Guds hus. 5Han gjorde i stand eit stort rom til Tobia der dei tidlegare hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen, tempelutstyret og tienda av korn, ny vin og fin olje, etter påbodet frå levittane, songarane og portvaktene. Gåvene til prestane var òg lagra der. 6#13,6 Artaxerxes >1,1. Medan alt dette skjedde, var eg ikkje i Jerusalem. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babel, hadde eg reist til han. Etter ei tid bad eg kongen om lov til å fara attende. 7Då eg kom til Jerusalem, vart eg klar over det vonde som Eljasjib hadde gjort då han laga eit rom for Tobia i føregardane til Guds hus. 8Eg vart svært opprørt og kasta alle eigedelane til Tobia ut av rommet. 9Så sa eg at dei skulle reinsa rommet, og eg førte tilbake utstyret frå Guds hus, grødeofferet og røykjelsen.
10 # Mal 3,10 # 13,10 levittane Jf. 10,38. Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde fare attende, kvar til sine marker, både dei og songarane som skulle gjera teneste. 11Eg refsa stormennene og spurde: «Kvifor har Guds hus vorte forlate?» Så samla eg levittane og sette dei inn att i stillingane sine. 12#10,37 Sidan kom heile Juda med tienda av korn, ny vin og fin olje til lagera. 13Eg sette presten Sjelemja, Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerromma, og gav dei Hanan, son til Sakkur, son til Mattanja, til hjelp. For dei vart rekna for å vera pålitelege. No skulle dei sørgja for at brørne deira fekk sin del. 14#5,19 Kom meg i hug, min Gud, for dette! Stryk ikkje ut det gode som eg har gjort for min Guds hus og for tenesta der.
15 # 10,31 I dei dagane såg eg i Juda nokre som trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg andre som samla korn i mengder og leste det på esel. Dei kom òg med vin, druer, fiken og andre varer til Jerusalem på sabbaten. Eg åtvara dei mot å selja mat på denne dagen. 16#13,16 Nokre frå Tyros truleg fønikarar. Tyros var kjend for handelen sin. Jf. Esek 27,2ff. Nokre frå Tyros som budde i Jerusalem, kom òg med fisk og alle slags varer og selde det til judearane på sabbaten.
17Då refsa eg dei fremste blant judearane og sa til dei: «Kva er dette vonde som de gjer? De vanhelgar sabbaten! 18Var det ikkje fordi fedrane gjorde slikt at vår Gud førte alt dette vonde over oss og denne byen? De aukar vreiden mot Israel når de vanhelgar sabbaten!» 19Då det tok til å mørkna i Jerusalems portar før sabbaten, sa eg at dørene skulle stengjast, og at dei ikkje skulle opnast att før sabbaten var over. Eg sette òg nokre av mennene mine ved portane, slik at inga last kunne koma inn på sabbatsdagen. 20Ein eller to gonger hende det at kjøpmenn og folk som handla med alle slags varer, overnatta utanfor Jerusalem. 21Eg åtvara dei og sa: «Kvifor overnattar de ved muren? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten. 22#Sal 25,7 Sidan sa eg at levittane skulle reinsa seg og koma og halda vakt ved portane, så sabbatsdagen kunne haldast heilag. Kom meg òg i hug for dette, min Gud, og skån meg i di store miskunn!
23 # 13,23 Asjdod >4,7. I dei dagane såg eg òg at nokre judearar hadde teke til seg kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab. 24Halvparten av borna deira snakka språket i Asjdod eller språket til dei andre folka. Dei kunne ikkje snakka judeisk. 25#5 Mos 7,3+ Eg refsa mennene og forbanna dei. Somme av dei slo eg, og eg reiv dei i håret. Så lét eg dei sverja ved Gud. Eg sa: «De skal ikkje gje døtrene dykkar til sønene deira, og ikkje ta døtrene deira til koner for sønene dykkar eller for dykk sjølve. 26#1 Kong 11,1ff Var det ikkje på grunn av slikt at Salomo, Israels konge, synda? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og Gud sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene han til å synda. 27Skal ein no høyra om dykk òg at de gjer så mykje vondt og er trulause mot vår Gud ved å ta til dykk framande kvinner?»
28Ein av sønene til Jojada, son til øvstepresten Eljasjib, var svigerson til horonitten Sanballat. Difor jaga eg han bort. 29Hugs dei, min Gud, for dei har sølt til presteskapet og preste- og levittpakta.
30Så reinsa eg dei for alt framandt, og eg fastsette tenester for prestane og levittane, kvar mann med sine arbeidsoppgåver. 31#10,34ff Eg sa òg når dei skulle koma med vedoffer og med førstegrøda, alt til fastsette tider. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg dette til gode!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk