Nehemja 11
N11NN

Nehemja 11

11
Busetjinga i Jerusalem og Juda
1Leiarane for folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein av ti skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, medan dei andre ni slo seg ned i dei andre byane. 2Og folket velsigna alle dei som var villige til å busetja seg i Jerusalem.
3 # 1 Krøn 9,4ff Dette er leiarane i provinsen, dei som budde i Jerusalem og i Juda-byane. Kvar mann budde på sin eigedom i byane, både israelittar, prestar, levittar, tempeltenarar og etterkomarar av Salomos tenarar. 4I Jerusalem budde nokre av judearane og benjaminittane.
Av judearane: Ataja, son til Ussia, son til Sakarja, son til Amarja, son til Sjefatja, som var son til Mahalalel, ein av etterkomarane av Peres, 5og Maaseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar av sjelanittane. 6I Jerusalem budde det til saman 468 våpenføre menn som var etterkomarar av Peres.
7Dette var benjaminittane: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Maaseja, son til Itiel, som var son til Jesaja, 8og etter han Gabbai og Sallai, til saman 928. 9Joel, son til Sikri, var tilsynsmannen deira, og Juda, son til Hassenua, var den nest øvste leiaren i byen.
10Av prestane: Jedaja, son til Jojarib, Jakin, 11Seraja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, som var son til Ahitub, leiaren for Guds hus, 12og brørne deira som arbeidde i huset, til saman 822; Adaja, son til Jeroham, son til Pelalja, son til Amsi, son til Sakarja, son til Pasjhur, son til Malkia, 13og brørne hans, leiarane for familiane, til saman 242, og Amasai, son til Asarel, son til Ahsai, son til Mesjillemot, som var son til Immer, 14og brørne hans, i alt 128 tapre krigarar. Sabdiel, son til Haggedolim, var tilsynsmannen deira.
15Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, son til Bunni, 16og Sjabbetai og Josabad, som begge var mellom leiarane for levittane og stod for det utvendige arbeidet ved Guds hus, 17Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, som leidde lovsongen og var forsongar under bøna, Bakbukja, ein av brørne som var nestleiar, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun. 18Levittane i den heilage byen var til saman 284.
19Av portvaktene: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, til saman 172.
20Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle byane i Juda, kvar på sin eigedom.
21 # 11,21 Ofel >3,26. Tempeltenarane budde på Ofel. Siha og Gisjpa hadde tilsyn med dei.
22Tilsynsmann for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane av Asaf, dei som song. Han stod for arbeidet i Guds hus. 23Det var ei kongeleg ordning for songarane som fastsette kva dei skulle gjera kvar dag. 24Petahja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane av Serah, son til Juda, var ved kongens hand i alle saker som gjaldt folket.
25Nokre av judearane budde i landsbyar med marker rundt: i Kirjat-Arba og småbyane som høyrde til, i Dibon med småbyar, i Jekabseel med landsbyar, 26i Jesjua, Molada og Bet-Pelet, 27i Hasar-Sjual, i Beer-Sjeba med småbyar, 28i Siklag, i Mekona med småbyar, 29i En-Rimmon, Sora og Jarmut, 30i Sanoah, i Adullam med landsbyar, i Lakisj og markene rundt, i Aseka med småbyar. Dei busette seg frå Beer-Sjeba til Hinnom-dalen.
31Benjaminittane budde i Geba, Mikmas og Ajja og i Betel og byane omkring, 32i Anatot, Nob og Ananja, 33i Hasor, Rama og Gittajim, 34i Hadid, Sebo'im og Neballat, 35i Lod, Ono og Ge-Harasjim. 36Av levittane var det nokre skift frå Juda som vart overførte til Benjamin.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk