Nehemja 1
N11NN

Nehemja 1

1
Nehemja bed for folket sitt
1 # 2,1 # 1,1 i det tjuande året medan Artaxerxes 1. var konge (465–424 f.Kr.), dvs. i år 445 f.Kr. Susa by i Elam, hovudstad i Persarriket. Ord av Nehemja, son til Hakalja.
Det var i månaden kislev i det tjuande året, medan eg var i borga Susa. 2Då kom Hanani, ein av brørne mine, og nokre menn frå Juda. Eg spurde dei ut om dei judearane som hadde sloppe unna fangenskapet, og om Jerusalem. 3#2 Krøn 36,19 Dei svara: «Dei som har sloppe unna fangenskapet der i provinsen, er i stor ulukke og vanære. Muren kring Jerusalem er nedbroten, og portane er brende.» 4Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg sørgde i fleire dagar. Eg fasta og bad til himmelens Gud.
5 # 2 Mos 20,5f+ Eg sa: Å, Herre, himmelens Gud, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser kjærleik mot alle som elskar deg og held dine bod! 6Lat øyret ditt lytta og auga dine vera opne så du høyrer din tenars bøn som eg bed til deg no, både dag og natt, for israelittane, dine tenarar. Eg sannar syndene som vi israelittar har gjort mot deg. Eg og farshuset mitt har òg synda. 7Vi har handla ille mot deg og ikkje halde dei bod, forskrifter og lover som du gav Moses, tenaren din. 8#3 Mos 26,27ff.40ff; 5 Mos 4,27f; 28,64; 30,1f Hugs det du påla Moses, tenaren din: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka. 9#5 Mos 12,11 Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, om de så er drivne bort der himmelen endar, skal eg samla dykk og føra dykk til den staden eg har valt til bustad for namnet mitt.» 10Dei er tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og sterke hand. 11Å, Herre, lat øyret ditt lytta til bønene frå tenaren din og frå tenarane dine som gjerne vil frykta ditt namn. Lat tenaren din lukkast i dag, lat han møta miskunn hos denne mannen!
Eg var kongens munnskjenk då dette hende.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk