Nahum 3
N11NN
3
Verop over Ninive
1 # Hab 2,12 Ve den blodige byen,
full av svik og full av plyndring,
aldri manglar han bytte.
2Svepesmell og ramling av hjul,
hestar i galopp og slingrande vogner,
3ryttarar går til åtak,
blinkande sverd og lynande spyd.
Mengder av drepne, haugar av lik,
ingen ende på døde kroppar,
ein snublar i døde.
4 # Hos 2,2ff; Op 17,1ff Det er fordi ho har drive hor,
den vakre, trollkunnige hora
som slavebatt folkeslag med sitt hor
og stammar med sin trolldom.
5 # Jes 47,3; Jer 13,22.26; Esek 16,37 Sjå, eg kjem mot deg!
seier Herren over hærskarane.
Eg lyfter kjolen din over andletet på deg
og viser deg naken fram for folkeslag,
eg viser skamma di til kongerike.
6Eg kastar skit på deg,
vanærar deg
og syner deg fram.
7Alle som ser deg, skal flykta
og seia: «Ninive er herja,
kven har medkjensle med henne?»
Kvar skal eg leita
etter trøystarar til deg?
Spottevise om Ninive
8 # 3,8 No-Amon >Jer 46,25. Er du betre enn No-Amon,
som låg ved Nilen, med vatn ikring,
med havet til voll
og vatnet til mur?
9 # Jer 46,9 # 3,9 Kusj land sør for Egypt. Jf. 1 Mos 2,13; Jes 18,1. henne Omsetjinga følgjer =Septuaginta. =Masoretteksten har «deg». Kusj og Egypt var styrken hennar,
ein styrke utan grenser.
Put og libyarane gav henne hjelp.
10 # Sal 137,9 Ho òg måtte dra i eksil som fange.
Borna hennar vart knuste
på alle gatehjørne,
dei kasta lodd om stormennene,
dei mektige vart lagde i lenkjer.
11 # Jer 25,15ff; Hab 2,16 Du òg skal drikka deg full.
Du skal gøyma deg.
Du òg skal søkja vern mot fienden.
12Alle festningane dine
er som fikentre med tidleg frukt.
Blir dei riste, fell det fiken
i munnen på den som vil eta.
13 # Jes 19,16; Jer 50,37; 51,30 Sjå, krigsfolket hos deg er som kvinner.
Portane til landet skal stå vidopne for fienden.
Eld skal eta bommane dine.
14Hent opp vatn før du blir kringsett,
set festningane i stand.
Trakk gjørme, stamp leire,
ta mursteinsforma fram!
15 # Joel 1,4 Der skal elden eta deg,
sverdet skal rydda deg ut,
det et som grashopper.
Bli mange som grashopper,
mange som sirissar!
16Handelsmennene dine vart fleire
enn stjernene på himmelen.
Grashoppa opnar seg og flyg.
17Vaktmennene dine er som sirissar,
skrivarane liknar ein grashoppesverm
som slår seg ned på steingjerdet
når dagen blir kjølig.
Sola renn, dei flyg,
ingen veit kvar dei er.
18 # Sak 13,7 Du konge av Assur,
oppsynsmennene dine er trøytte,
stormennene legg seg ned.
Folket ditt er spreidd over fjella,
ingen sankar dei inn.
19 # Job 27,23; Jer 30,12; Sef 2,15 Samanbrotet kan ikkje lækjast,
du er alvorleg såra.
Alle som får høyra om deg,
klappar i hendene.
For kven har ikkje gong på gong
vorte råka av din vondskap?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk