Nahum 2
N11NN
2
1 # Sal 50,14f; Jes 52,7; Rom 10,15 Sjå, dei spring over fjella,
føtene til den som ber bod
og forkynner fred.
Hald dine høgtider, Juda,
og gjer det du har lova!
For aldri meir kjem dei vonde mot deg,
dei er heilt utrydda.
Ninive fell
2 # 2,2 deg Ninive. Han som skal spreia deg,
tek ut mot deg.
Hald vakt i borga,
hald auge med vegen!
Spenn beltet om livet,
vis stor kraft og styrke!
3For Herren reiser opp att
både Jakobs og Israels stordom,
fordi ransmenn tok rov
og la vinrankene deira aude.
4 # 2,4 spyda Det hebr. ordet er ei nemning for treslaget «sypress». Skjolda til heltane er farga raude,
krigsmennene er kledde i skarlak.
Vognene er som brennande jern
den dagen han stiller dei opp til kamp,
spyda er innsette med gift.
5Gjennom gatene rasar vognene fram,
over torga fer dei att og fram.
Dei ser ut som faklar,
som lyn fer dei av stad.
6Han kallar fram stormennene sine,
dei snublar medan dei spring,
dei stormar bymuren,
skjoldtaket blir reist.
7Portane mot elva blir slegne opne,
palasset vaklar.
8Dei stiller henne naken fram
og fører henne bort.
Tenestejentene klagar som duer
og slår seg for brystet.
9Ninive liknar ein dam
som vatnet renn ut av.
«Stans! Stans!»
Men ingen kjem att.
10Ran sølv, ran gull!
Her er rikdom utan ende,
rikeleg med vakre ting.
11 # Jes 13,7; Joel 2,6 Øydelegging, meir øydelegging,
alt ligg audt!
Redde hjarte, vaklande kne,
hoftene skjelv, kvart andlet blir raudt.
12Kvar er løvehòla
der ungløvene fekk mat,
der løve og løvinne gjekk
og ingen skremde løveungane?
13Løva reiv i hel,
ungane fekk det dei trong,
ho kvelte byttet for løvinnene sine,
fylte hi og hòler med kjøt.
14Sjå, eg kjem mot deg,
seier Herren over hærskarane.
Eg lèt vognene dine gå opp i røyk.
Sverd skal eta ungløvene dine,
byttet ditt vil eg rydda ut frå jorda.
Ropet frå dine sendebod
skal aldri høyrast meir.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk