Markus 8
N11NN
8
Jesus mettar fire tusen
(Matt 15,32–39)
1Ein annan gong på den tida var mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: 2#8,2 synest inderleg synd på >1,41. «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. 3Lèt eg dei fara svoltne heim, blir dei reint utmatta på vegen; for somme av dei har kome langt bortanfrå.» 4«Kvar kan ein få tak i brød til å metta alle desse her i øydemarka?» svara læresveinane. 5«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei. 6Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane så dei skulle dela dei ut, og dei delte ut til folket. 7Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei òg skulle delast ut. 8Dei åt og vart mette. Etterpå samla dei opp brødstykka som var til overs, sju store korger. 9Det var omkring fire tusen menneske der. Og han lét dei dra heim. 10#8,10 Dalmanuta kanskje identisk med byen Magdala. Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.
Krav om teikn
(Matt 16,1–4)
11 # Matt 12,31; Luk 11,16; Joh 6,30f No kom farisearane og gav seg i ordskifte med Jesus. Dei ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. 12Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne slekta eit teikn? Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal aldri få noko teikn.» 13Dermed gjekk han frå dei, steig i båten og drog over til andre sida.
Den farlege surdeigen
(Matt 16,5–12)
14Men læresveinane hadde gløymt å ta med brød. Dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten. 15#Luk 12,1#8,15 Herodes Herodes Antipas. >6,14. Då gav Jesus seg til å åtvara dei og sa: «Pass dykk og hald dykk unna surdeigen til farisearane og surdeigen til Herodes!» 16Men dei snakka seg imellom om at dei ikkje hadde brød. 17#6,52 Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød? Ser de enno ingenting? Skjønar de ikkje? Har de så harde hjarte?
18 # Jer 5,21; Esek 12,2; Mark 4,12+ De har auge – ser de ikkje?
De har øyre – høyrer de ikkje?
Hugsar de ikkje 19#6,41ff den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen? Kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv», svara dei. 20#8,8f «Og då eg braut dei sju brøda til dei fire tusen, kor mange korger med brødstykke samla de opp då?» «Sju», svara dei. 21«Skjønar de enno ingen ting?» sa han.
Den blinde mannen i Betsaida
22Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han. 23#5,23+; Joh 9,6#8,23 spytta >7,33. Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut av landsbyen. Så spytta han på auga hans, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?» 24Mannen såg opp og sa: «Eg ser menneske. For eg skimtar noko som liknar tre, som går omkring.» 25Så la Jesus på nytt hendene over auga hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt. 26#8,26 og sei … der Orda manglar i dei eldste handskriftene. Og Jesus sende han heim. «Men gå ikkje inn i landsbyen {{og sei det ikkje til nokon der}}!» sa han.
Peters vedkjenning
(Matt 16,13–20; Luk 9,18–21)
27Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?» 28#6,14f Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.» 29#Matt 14,33; Joh 6,69; 11,27; 1 Joh 4,15#8,29 Messias frelsarkongen jødane venta på. =Jesu titlar. «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.» 30#1,44+ Men han forbaud dei strengt å snakka om han til nokon.
Jesus talar om at han skal døy og stå opp att
(Matt 16,21–23; Luk 9,22)
31 # Hos 6,2; Matt 16,21+; Mark 9,12.31; 10,33f # 8,31 overprestane medlemene i det høge presteskapet i Jerusalem. =prest. tre dagar etter Denne teljemåten inneber at både dagen då Jesus døydde, og dagen då han stod opp, blir talde med. Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen må lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.» 32Dette tala han ope om. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette. 33Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»
Å følgja Jesus
(Matt 16,24–28; Luk 9,23–27)
34 # Matt 10,38f; Luk 14,27 # 8,34 ta krossen sin opp siktar til den skikken at ein som var dømd til å bli krossfest, sjølv bar tverrbjelken ut til rettarstaden. Jf. Joh 19,17. Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. 35For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det. 36Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? 37Og kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 38#Matt 10,33+; 25,31+ For den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige slekta, skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin Fars herlegdom saman med dei heilage englane.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk