Markus 12

12
Vinbøndene og arvingen
(Matt 21,33–46; Luk 20,9–19)
1 # Jes 5,1ff Så tok han til å tala til dei i likningar: «Ein mann planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han marka bort til nokre vinbønder og drog utanlands.
2Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga. 3Men dei greip tenaren, skamslo han og sende han tomhendt bort. 4Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei. Han slo dei i hovudet og spotta. 5Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei. 6#1 Mos 22,2; Mark 1,11+ No hadde han ein einaste att, sin eigen son, som han hadde så kjær. Til sist sende han sonen til dei, for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’ 7Men vinbøndene sa til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, og arven er vår.’ 8Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut av vingarden.
9Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på vinbøndene og la andre få vingarden. 10#Sal 118,22f Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta:
Steinen som bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
11 Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre auge.»
12Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.
Er det rett å svara skatt til keisaren?
(Matt 22,15–22; Luk 20,20–26)
13 # 12,13 herodianarane >3,6. Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord. 14Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi betala, eller skal vi la det vera?» 15#12,15 denar romersk mynt som svara til ei dagløn. =mynt. Men Jesus merka hykleriet deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar og lat meg få sjå han!» 16Dei gav han ein, og han spurde: «Kven har biletet og namnet sitt her?» «Keisaren», svara dei. 17#Rom 13,7 Då sa Jesus til dei: «Gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til!» Og dei undra seg over han.
Oppstoda frå dei døde
(Matt 22,23–33; Luk 20,27–38)
18 # Apg 23,8 Så kom det nokre saddukearar til han, dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 19#5 Mos 25,5 «Meister, Moses har gjeve oss dette påbodet: Om ein mann har ein bror som døyr og etterlèt seg kone, men ikkje born, skal han gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin. 20No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born. 21Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje. 22Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna. 23Men i oppstoda, den dagen dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»
24Jesus sa til dei: «De er på ville vegar! Og er ikkje det fordi de verken kjenner skriftene eller Guds makt? 25For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og blir ikkje bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen. 26#2 Mos 3,6 Men at dei døde står opp, har de ikkje lese om det i Moseboka, i forteljinga om klungeren? Gud tala til Moses og sa: ‘Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.27Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De er heilt på ville vegar.»
Det første bodet
(Matt 22,34–40; Luk 10,25–28)
28Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: «Kva for eit bod er det første av alle?» 29#5 Mos 6,4f Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin. 30Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.31#2 Mos 20,13ff; 3 Mos 19,18; Matt 19,19; 22,37ff; Rom 13,9 Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.» 32#5 Mos 4,35 Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. 33#1 Sam 15,22; Hos 6,6Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.» 34Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.
Kven Messias er
(Matt 22,41–46; Luk 20,41–44)
35Ein gong Jesus underviste på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son? 36#Sal 110,1; Matt 22,44; Apg 2,34f; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13 For David sjølv seier i Den heilage ande:
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
under dine føter.
37David sjølv kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?»
Jesus åtvarar mot dei skriftlærde
(Luk 20,45–47)
Den store folkemengda høyrde gjerne på Jesus. 38#Matt 23,1ff; Luk 11,43 Og medan han underviste, sa han: «Pass dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget, 39sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod. 40#12,40 Dei et … huset Dei skriftlærde vart kritiserte for å utnytta og snylta på fattigfolks gjestfridom. Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»
Den fattige enkja som gav
(Luk 21,1–4)
41 # 2 Kong 12,9; Joh 8,20 # 12,41 tempelkista kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål. Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. 42#12,42 to småmyntar vil her seia den minste mynteininga som var i bruk hos jødane. nokre få øre Den gr. teksten har ei lita romersk mynteining. Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre. 43#2 Kor 8,12 Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. 44For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»

Markert nå:

Markus 12: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring