Markus 11
N11NN
11
Jesus kjem til Jerusalem
(Kap. 11–12)
Jesus rid inn i Jerusalem
(Matt 21,1–11; Luk 19,28–38; Joh 12,12–16)
1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus to av læresveinane i veg 2og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Straks de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete nokon på. Løys han og kom hit med han. 3Og er det nokon som spør: ‘Kva er det de gjer?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han og sender han straks tilbake.’»
4Så gjekk dei og fann folen, som stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han. 5Nokre av dei som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?» 6Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå. 7Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå. 8Mange breidde kappene sine på vegen, andre strødde friske greiner som dei hadde hogge ute på markene. 9#Sal 118,25f Både dei som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
«Hosianna!
Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
10 # Luk 1,32f Velsigna er vår far Davids rike som kjem!
Hosianna i det høgste
11Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg omkring alle stader, men sidan det leid mot kveld, drog han ut til Betania med dei tolv.
Fikentreet som ikkje bar frukt
(Matt 21,18–22)
12Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten. 13Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken. 14#11,20 Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg!» Og læresveinane høyrde det.
Tempelet skal vera eit bønehus
(Matt 21,12–17; Luk 19,45–48; Joh 2,13–16)
15 # 11,15 tempelplassen føregarden framfor tempelet. =Guds bustad. pengevekslarane Tempelskatten (jf. Matt 17,24) kunne ikkje betalast med romerske eller greske myntar, sidan dei bar heidenske motiv. Jf. 12,13–17. dei som selde duer For dei fattige var duer det mest brukte offeret. =offer og soning. Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, 16#11,16 bera … tempelplassen Den stuttaste vegen frå byporten i aust til byporten i vest var over tempelområdet. og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen. 17#Jes 56,7; Jer 7,11 Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive:
Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?
Men de har gjort det til ei røvarhòle
18Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista å finna ei råd til å ta livet av han. For dei var redde han fordi heile folket var overvelda av læra hans.
19Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane ut av byen.
Tru og bøn
(Matt 21,18–22)
20 # 11,14 Tidleg om morgonen gjekk dei forbi fikentreet, og då såg dei at det hadde visna heilt ifrå rota. 21Peter kom i hug Jesu ord og sa: «Rabbi, sjå fikentreet som du forbanna! Det har visna.» 22Og Jesus svara dei: «Ha tru til Gud! 23#Matt 17,20; Luk 17,6; 1 Kor 13,2 Sanneleg, eg seier dykk: Om nokon seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet!’ og han ikkje har tvil i hjartet, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå slik. 24#Jer 29,12f; Matt 7,7; 21,22; Joh 14,13+; Jak 1,5; 1 Joh 3,22; 5,14f Difor seier eg dykk: Alt de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det. 25#Matt 5,23f; 6,14; Ef 4,32; Kol 3,13 Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar. 26#11,26 Men … misgjerningar Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Matt 6,15. {{Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.}}»
Jesu fullmakt
(Matt 21,23–27; Luk 20,1–8)
27Igjen kom dei inn i Jerusalem. Og medan Jesus gjekk omkring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han 28#Joh 2,18; Apg 4,7 og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?» 29Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. 30Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!» 31Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje? 32#Matt 11,9; 14,5; 21,26; Luk 1,76f Skal vi svara: ‘Frå menneske’?» Men dei var redde folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet. 33Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk