Mika 7

7
Klage og von
1Ve meg! Det er som når frukta er plukka
og vinhausten er over:
ikkje ei drue å eta,
ikkje ein fiken eg har lyst på.
2 # Sal 12,2; 140,6; Hos 4,1 Dei trugne er borte frå landet,
det finst ingen rettvis blant folk.
Alle ligg på lur etter blod,
kvar ein vil fanga sin neste i garnet.
3 # Sal 64,6f Hendene er gode til å gjera vondt.
Hovdingen krev inn,
dommaren vil ha betaling,
storkaren seier kva han vil ha,
og slik snur dei om på alt.
4 # Jes 22,5 Den beste av dei er som ein klungerbusk,
den ærlegaste verre enn eit klungerkratt.
Vaktmennenes dag er komen, rekneskapsdagen.
No er forvirringa der.
5 # Sal 55,13ff; Jer 9,4 Tru ikkje på ein kjenning,
stol ikkje på ein ven!
For henne som ligg i famnen din,
må du vakta din munns dører!
6 # Matt 10,35f For ein son vanvørder far sin,
ei dotter set seg opp mot mor si,
ei svigerdotter mot svigermor si,
ein manns husfolk er fiendane hans.
7 # Sal 5,4 Men eg vil skoda etter Herren,
venta på Gud, min frelsar.
Min Gud vil høyra meg!
Israel blir gjenreist
8 # Jes 9,2; Joh 8,12 Gled deg ikkje over meg, min fiende!
For om eg fell, skal eg reisa meg att.
Sit eg i mørkret, er Herren lys for meg.
9 # Sal 43,1; Jer 50,34 # 7,9 hans rettferd Jf. Jes 51,5; Joel 2,23. Herrens vreide må eg bera
fordi eg har synda mot han,
inntil han fører mi sak
og skaffar meg rett.
Han skal føra meg ut i lyset,
og eg skal sjå hans rettferd.
10 # Sal 42,4.11; Joel 2,17 Fienden min skal sjå det,
og skam skal dekkja
henne som sa til meg:
«Kvar er Herren din Gud?»
No blir ho trakka ned
som søle i gatene
medan auga mine ser på.
11 # Jes 26,15 Ein dag skal murane dine byggjast opp,
den dagen skal grensene vidast ut.
12 # Jes 19,18ff; Mi 4,1f Den dagen skal dei koma til deg
frå Assur og Egypt,
frå Egypt og Eufrat,
frå hav til hav og frå fjell til fjell.
13 # 3,4 Og jorda skal bli til øydemark,
det er dei som bur der si skuld.
Det er frukt av gjerningane deira.
14 # 5 Mos 33,28; Jer 50,19; Mi 5,3 Gjet ditt folk med staven din.
Sauene du eig,
ligg åleine i villmarka,
midt i det fruktbare landet.
Lat dei beita i Basan og Gilead
slik som i gamle dagar.
15Eg vil visa han underverk
som den gongen du drog ut frå Egypt.
16 # Job 29,9 Folka skal sjå det og skamma seg,
endå så mektige dei er.
Dei skal leggja handa på munnen,
og øyra deira skal bli døve.
17 # Sal 72,9; Jes 49,23 Dei skal slikka støv som ormen,
lik dei som kryp på jorda!
Frå sine skjul skal dei koma
skjelvande fram for Herren vår Gud.
Dei skal gripast av redsle og frykt for deg.
Kven er ein Gud som du?
18 # 2 Mos 34,6f; Sal 103,3.8; Joel 2,13; Jona 4,2 Kven er ein Gud som du,
ein som tek bort skuld og tilgjev synd
for den resten han eig?
Han held ikkje evig fast på vreiden,
for han vil gjerne visa miskunn.
19Herren skal igjen
visa miskunn mot oss
og trø vår skuld under fot.
Du skal kasta alle syndene våre
ned i havsens djup.
20 # 1 Mos 12,2; Sal 89,3 Du vil visa truskap mot Jakob
og miskunn mot Abraham,
slik du med eid lova
fedrane våre i dei eldgamle dagane.

Markert nå:

Mika 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring