Mika 4
N11NN

Mika 4

4
Fredsriket
1 # Jes 2,2ff; Mi 7,12 I dei siste dagar skal det skje
at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg
som det høgaste av fjella
og raga over høgdene.
Dit skal folkeslag strøyma.
2 # Jer 31,6; Luk 24,47 Mange folk skal dra av garde og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar
og vi kan ferdast på hans stigar.
For lov skal gå ut frå Sion,
Herrens ord frå Jerusalem.»
3 # Joel 3,15 Han skal dømma mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag,
òg for dei som er langt borte.
Dei skal smi sverda om til plogskjer
og spyda til vingardsknivar.
Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,
ikkje lenger lærast opp til krig.
4 # 1 Kong 4,25; 2 Kong 18,31; Jes 1,19f; Mi 5,3; Sak 3,10 Men kvar og ein skal sitja
under sin vinstokk og sitt fikentre,
ingen skal skremma dei.
For Herren over hærskarane har tala.
5 # Jes 2,5; Sak 10,12 Kvart folkeslag vandrar
i sin eigen guds namn,
men vi skal vandra
i Herren vår Guds namn
evig og alltid.
Herren skal samla folket sitt
6 # 2,12f+; Sef 3,19 På den dagen, seier Herren,
vil eg samla dei haltande,
sanka saman dei fordrivne
og dei eg har fare ille med.
7Dei haltande gjer eg til ein rest,
dei bortdrivne til eit mektig folk.
Herren skal vera konge over dei på Sions berg
frå no og til evig tid.
8 # 4,8 gjetartårn hebr. Migdal-Eder. Jf. 1 Mos 35,21. vakthaug hebr. Ofel. Jf. 2 Krøn 33,14. Og du gjetartårn,
du dotter Sions vakthaug,
til deg skal det koma,
herreveldet du ein gong hadde,
Jerusalems dotters kongsmakt.
9 # Jer 8,19 Men no, kvifor skrik du så høgt?
Er det ingen konge hos deg?
Er rådgjevaren din komen bort
sidan rier tek deg som hos ei kvinne som skal føda?
10 # Jes 13,8; Jer 4,31 Skrik ut i rier som ei fødande kvinne,
dotter Sion!
For no må du forlata byen
og bu ute på marka.
Du skal koma til Babel,
men der blir du berga.
Der vil Herren løysa deg ut
or handa på fiendane dine.
11 # Ob 12 Men no har mange folkeslag samla seg mot deg.
Dei seier: «Lat Sion vanhelgast
framfor våre auge.»
12Men dei kjenner ikkje Herrens tankar
og skjønar ikkje hans plan:
å samla dei som kornaks til tresking.
13 # 3 Mos 27,28; Hos 10,11 Stå opp og tresk, du dotter Sion!
For eg vil gje deg horn av jern,
eg vil gje deg klauver av bronse,
og du skal knusa mange folk.
Du skal vigsla byttet deira til Herren,
rikdomen deira til herren over all jorda.
14 # 4,14 risp deg opp =sørgjeskikkar. Jf. Hos 7,14. No, risp deg opp, du opprispa dotter!
Dei har kringsett oss.
Med stav slår dei Israels dommar i andletet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk