Matteus 7
N11NN
7
Døm ikkje
(Luk 6,37–38.41–42)
1 # Rom 2,1ff; Jak 4,11 Døm ikkje, så de ikkje sjølve skal bli dømde! 2#Mark 4,24 Etter dommen de dømmer med, skal de sjølve dømmast, og i det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk.
3Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje? 4Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige? 5Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge! Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
Perler til svin
6 # 2 Mos 29,33f; Ordt 23,9 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perler til svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.
Be, så skal de få
(Luk 11,9–13)
7 # Jer 29,12f; Matt 21,22; Mark 11,24; Joh 14,13+; Jak 1,5; 1 Joh 3,22; 5,14f Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. 8For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.
9Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10eller ein orm når han bed om fisk? 11Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Den gylne regelen
(Luk 6,31)
12 # 22,40 Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.
Dei to vegane
(Luk 13,23–24)
13 # 5 Mos 30,15ff; Sal 1,6 Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er porten og brei er vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. 14#Apg 14,22 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.
Dei falske profetane
(Luk 6,43–44)
15 # 1 Joh 4,1 Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. 16#12,33ff; Gal 5,19ff; Jak 3,12 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar? 17Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt. 18Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt. 19#3,10 Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden. 20Difor skal de kjenna dei på fruktene.
Falske læresveinar
(Luk 6,46; 13,26–27)
21 # Jes 29,13; Jak 1,22; 2,14ff Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23#Sal 6,9; Matt 25,41ff Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!
Huset bygd på fjell
(Luk 6,47–49)
24 # Jak 1,22f Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27#Ordt 10,25; Esek 13,10ff Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.»
28 # 5 Mos 32,45; Matt 11,1; 13,53f; 19,1; 22,33; 26,1 Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29#Mark 1,22; Joh 7,46 For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk