Matteus 6
N11NN
6
Gåver til dei fattige
1 # 23,5 Ta dykk i vare så de ikkje gjer dei fromme gjerningane dykkar for auga på folk, for at dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hos Far dykkar i himmelen. 2#Luk 11,41; 12,33#6,2 ei gåve til dei fattige Det gr. ordet er ei avleiing av ordet «miskunn». Bøner og gåver til dei fattige hadde ein viktig plass i jødisk gudsdyrking. Jf. Apg 3,1f; 10,2; 24,17; Rom 15,26. Når du gjev ei gåve til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. 3Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer. 4Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.
Bøn
5 # Luk 18,10ff Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.
6 # 2 Kong 4,33; Dan 6,11 Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.
Herrens bøn
(Luk 11,2–4)
7 # Fork 5,1 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9#3 Mos 22,32; Esek 36,23#6,9–13 =Herrens bøn. Slik skal de be:
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 # 26,42 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
11 # Ordt 30,8 Gjev oss i dag vårt daglege brød,
12 # Sal 32,5; Matt 18,21ff; Ef 4,32 og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
13 # Mark 14,38; 1 Kor 10,13; 2 Tess 3,3; Jak 1,13ff # 6,13 Den siste delen av verset manglar i dei eldste handskriftene og vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Jf. 1 Krøn 29,11. Amen >5,18. Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
{{For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.}}
14 # Mark 11,25f; Ef 4,32; Kol 3,13 For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. 15#18,35 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.
Faste
16 # Jes 58,3ff; Matt 9,14 # 6,16 fastar avstår frå mat og drikke. På Jesu tid var det vanleg at lovtrue jødar fasta to dagar i veka. Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.
17Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, 18så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.
Eit heilt hjarte
(Luk 12,33–34; 11,34–36; 16,13)
19 # Ordt 23,4; 1 Tim 6,9; Jak 5,2f Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. 20#19,21 Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.
22 # 6,22 kroppens lampe I antikken tenkte ein at auget er ein «lyskastar», som lyser opp omgjevnadene. Lyset kjem då frå det indre av kroppen. Jf. Dan 10,6; Op 1,14. Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. 23Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!
24 # 1 Kong 18,21; Luk 16,13 # 6,24 Mammon aram. for pengar, formue og eigedom, her som ei personifisert makt. Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Ver ikkje urolege for morgondagen
(Luk 12,22–31)
25 # Fil 4,6; 1 Pet 5,7 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26#10,29ff Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? 28Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, 29#1 Kong 10 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 31Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ 32For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33#1 Kong 3,11ff; Sal 37,25; Matt 19,29; Luk 10,42; Kol 3,1f Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 34Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk