Matteus 3

3
Førebuinga til Jesu gjerning
(3,1–4,11)
Døyparen Johannes står fram
(Mark 1,2–8; Luk 3,1–18)
1 # 3,1 døyparen Johannes verka i øydemarka omkring Jordanelva, der han forkynte omvending og døypte. Blir òg omtala i 3,13–15; 11,1–19; 14,1–12; Luk 1,5–80; 3,1–20. =vanlege namn. På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea. 2#Jes 52,7; Jer 3,12.22; Dan 2,44; 7,14; Hos 14,2; Matt 4,17; 10,7#3,2 himmelriket jødisk omskriving for =Guds rike. Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!» 3#Jes 40,3; Joh 1,23 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:
Ei røyst ropar i øydemarka:
«Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!»
4 # 2 Kong 1,8 Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning. 5Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han. 6Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
7 # 12,34; 23,33 # 3,7 farisearane og saddukearane =retningar innanfor jødedomen. Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma? 8Ber då frukt som viser at de er omvende! 9#Joh 8,33.39; Rom 4,12; 9,3ff Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane. 10#7,19; Joh 15,2.6 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
11 # Joh 1,26f; Apg 1,5; 2,2ff; 19,4 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 12#13,30.42#3,12 kasteskovla ein tregaffel med breie tenner og langt skaft. Med denne reiskapen kasta bonden det treskte kornet opp i vinden; agnene bles bort, medan kornet fall ned fordi det var tyngre. Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Jesus blir døypt
(Mark 1,9–11; Luk 3,21–22; Joh 1,32–34)
13Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16#Esek 1,1; Joh 1,51; Apg 7,56; 10,11 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17#1 Mos 22,2; Sal 2,7; Jes 42,1; Matt 12,18; 17,5; 2 Pet 1,17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Markert nå:

Matteus 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring