Matteus 19
N11NN

Matteus 19

19
Ekteskap, skilsmisse og einsleg stand
(Mark 10,1–12)
1 # 7,28+ Då Jesus hadde fullført denne talen, tok han ut frå Galilea og drog til Judea-landet bortanfor Jordan. 2Mykje folk følgde han, og han lækte dei der.
3Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4#1 Mos 1,27 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne 5#1 Mos 2,24 og sa: ‘Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’? 6Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» 7#5,31+ Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?» 8Jesus svara: «Fordi hjarta dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9#5,32+ Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11#1 Kor 7,7.9.17 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta inn over seg, men berre dei som har fått gåve til det. 12#19,12 evnukkar gr. nemning på kastrerte menn. Moselova forbaud kastrering av menneske. Jf. 5 Mos 23,1. For somme er evnukkar fordi dei er komne slik frå mors liv, andre fordi menneske har gjort dei til evnukkar, men det finst òg dei som har gjort seg sjølve lik ein evnukk for himmelriket skuld. Lat dei ta dette til seg, dei som kan.»
Jesus og borna
(Mark 10,13–16; Luk 18,15–17)
13Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort. 14#18,3 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.» 15Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.
Jesus og den rike unge mannen
(Mark 10,17–31; Luk 18,18–30)
16Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?» 17#Luk 10,28 Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det gode? Éin er den gode. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!» 18#2 Mos 20,12ff «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, 19#3 Mos 19,18du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.» 20«Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?» 21#6,19ff#19,21 heilhjarta Det gr. ordet blir i evangelia berre brukt her og i 5,48, der det er omsett med «fullkomen». Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han eigde mykje.
23 # 1 Tim 6,9f Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, eg seier dykk: Det er vanskeleg for ein som er rik, å koma inn i himmelriket. 24Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 25Då læresveinane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?» 26#1 Mos 18,14; Job 42,2; Luk 1,37 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg.»
27 # 4,20 Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?» 28#Dan 7,9f; Matt 25,31+; Luk 22,30; 1 Kor 6,2; Op 3,21 Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. 29#6,33 Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv. 30#20,16; Luk 13,30 Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.