Malaki 3

3
1 # 2 Mos 23,20ff; Jes 40,3; Mal 4,5; Matt 11,10; Luk 1,76 # 3,1 bodberar eller «engel», jf. 1,1. Sjå, eg sender min bodberar,
han skal rydda veg for meg.
Brått kjem han til sitt tempel,
Herren som de søkjer,
og bodberaren for pakta,
han som de lengtar etter,
sjå, han kjem,
seier Herren over hærskarane.
2 # Joel 2,11 Men kven kan tola den dagen han kjem,
kven kan stå seg når han syner seg?
For han er lik elden til smeltaren,
lik luten til vaskarane.
3 # Sak 13,9 # 3,3 reinsa levittane skipa på nytt pakta med Levi (2,4) og reinsa tempelgudstenesta. Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.
Han skal reinsa levittane,
lutra dei som gull og sølv,
så dei kan bera fram for Herren
offer på rett vis.
4 # Rom 12,1; Hebr 13,16 Då skal offera frå Juda og Jerusalem
vera til glede for Herren
som i gamle dagar, i tidlege år.
5 # 5 Mos 24,14.17ff Eg kjem til dykk og held dom.
Eg skundar meg å vera vitne
mot dei som driv med trolldom,
mot dei som bryt ekteskapet,
mot dei som sver falskt,
mot dei som held att løna for dagarbeidaren,
mot dei som undertrykkjer enkjer og farlause
og avviser innflyttaren,
og som ikkje fryktar meg,
seier Herren over hærskarane.
Kom med heile tienda
6 # 4 Mos 23,19 Eg, Herren, har ikkje forandra meg,
og de, Jakobs søner, har ikkje gått til grunne.
7 # Sak 1,3 Heilt frå dykkar fedrars dagar
har de vike av frå mine forskrifter
og ikkje halde dei.
Vend attende til meg,
så skal eg venda meg mot dykk,
seier Herren over hærskarane.
Men de seier: «Korleis skal vi venda attende?»
8 # 3 Mos 27,30ff Kan eit menneske stela noko frå Gud?
De stel frå meg, men seier:
«Kva er det vi har stole frå deg?»
Tienda og offergåvene!
9 # 5 Mos 28,15ff Under forbanning er de,
de stel frå meg,
heile folket!
10 # 5 Mos 28,8ff; 2 Kong 7,2.19 Kom med heile tienda til forrådskammeret
så det finst mat i mitt hus.
Prøv meg på denne måten,
seier Herren over hærskarane.
Eg skal sanneleg opna himmelens sluser
og ausa ut over dykk
velsigning utan mål.
11Dei som et opp, skal eg skremma bort frå dykk,
så dei ikkje øydelegg grøda på åkeren
og vinstokkane på marka ikkje kastar frukta,
seier Herren over hærskarane.
12Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle,
for de har eit ettertrakta land,
seier Herren over hærskarane.
Når Herren grip inn
13 # 2,17 De talar harde ord mot meg, seier Herren.
Og likevel seier de:
«Kva er det vi har sagt mot deg?»
14 # Sal 73,13; Jes 58,3 De seier: «Det er nyttelaust å tena Gud.
Kva tener vi på
å retta oss etter det han har fastsett,
og gå sørgjande fram for Herren over hærskarane?
15 # Job 21,7; Sal 28,5 No vil vi prisa dei frekke sæle.
Sjølv om dei gjer urett, går det dei vel,
dei set Gud på prøve og slepp likevel unna.»
16 # 2 Mos 32,32ff; Sal 1,6; 56,9; 69,29; Jes 4,3; 65,6; Dan 12,1; 2 Tim 2,19; Op 20,12; 21,27 Dei som fryktar Herren, tala då saman,
og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.
Hos han vart det skrive ei minnebok
om dei som fryktar Herren og ærar hans namn.
17 # 2 Mos 19,5; Sal 103,13 Den dagen eg grip inn,
seier Herren over hærskarane,
skal dei vera min kostelege eigedom,
og eg vil vera mild mot dei,
liksom ein mann er mild
mot ein son som tener han.
18 # Jes 3,10f Då skal de atter sjå skilnad
på rettferdige og urettferdige,
på dei som tener Gud,
og dei som ikkje tener han.

Markert nå:

Malaki 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på