Lukas 21
N11NN

Lukas 21

21
Den fattige enkja som gav
(Mark 12,41–44)
1 # 2 Kong 12,9; Joh 8,20 # 21,1 tempelkista kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål. Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. 2#21,2 små koparmyntar den minste mynteininga hos jødane. Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar. 3Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre. 4For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»
Jesus talar om tidene som skal koma
(21,5–38)
Tempelet skal øydeleggjast
(Matt 24,1–2; Mark 13,1–2)
5Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus: 6#19,43f «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
Trengselstida tek til
(Matt 24,3–14; Mark 13,3–13)
7Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?» 8#2 Tim 3,5#21,8 Det er eg kan òg omsetjast «Eg er». =Jesu titlar. Han svara:
«Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje! 9Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.» 10Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike. 11Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.
12 # Matt 10,17ff; Joh 15,18f; 16,2f Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfølgja dykk, gje dykk over til synagogane og kasta dykk i fengsel, og for mitt namn skuld skal de førast fram for kongar og landshovdingar. 13Då skal de få vitna for dei. 14#12,11 Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk. 15#Apg 6,10 For eg skal leggja orda i munnen på dykk og gje dykk visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg imot eller seia imot. 16#Matt 10,21f Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden. 17Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18#12,7; Apg 27,34 Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista. 19Hald ut, så skal de vinna livet!
Jerusalem skal øydeleggjast
(Matt 24,15–21; Mark 13,14–19)
20Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd. 21#17,31 Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22#Hos 9,7 For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling. 23#23,29; 1 Kor 7,26 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal bli stor naud i landet, og vreide skal ramma dette folket. 24#Jes 63,18; Jer 21,7; Rom 11,25; Op 11,2 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida for heidningane er ute.
Når Menneskesonen kjem
(Matt 24,29–31; Mark 13,24–27)
25 # Jes 13,10; Joel 3,4.20; Hag 2,6.21; Op 6,12ff Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar. 26#Jes 34,4; Joel 2,10; Hag 2,6.21 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka. 27#Dan 7,13f; Sak 12,10.14; Matt 16,27; 26,64; Apg 1,11; Op 1,7 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»
Lær av fikentreet
(Matt 24,32–35; Mark 13,28–32)
29 # 21,29 fikentreet Dei fleste tre i Israel er eviggrøne, men fikentreet mistar blada om hausten og skyt nye skot att seint på våren. Så fortalde han dei ei likning:
«Sjå på fikentreet og alle andre tre! 30Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32#9,27 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33#Jes 40,8; 51,6; Matt 5,18; Luk 16,17 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
Vak og be
34 # 17,27; 1 Tess 5,2ff Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35#Jes 24,17 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36#12,40 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»
37 # 19,47 Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. 38Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.