Lukas 20

20
Jesu fullmakt
(Matt 21,23–27; Mark 11,27–33)
1Ein dag då han underviste folket på tempelplassen og forkynte den gode bodskapen, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste 2#Joh 2,18; Apg 4,7 og sa til han: «Sei oss: Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg denne fullmakta?» 3Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Sei meg: 4Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske?» 5Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’ 6#Matt 11,9; 14,5; 21,26; Luk 1,76f Men svarar vi: ‘Frå menneske’, kjem alt folket til å steina oss, for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.» 7Difor svara dei at dei ikkje visste kvar Johannes-dåpen var frå. 8Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»
Likninga om vinbøndene og arvingen
(Matt 21,33–46; Mark 12,1–12)
9 # Jes 5,1ff Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:
«Ein mann planta ei vinmark og leigde henne bort til nokre vinbønder. Så drog han ut av landet og skulle vera lenge borte. 10#2 Krøn 36,15f Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga. Men dei skamslo han og lét han gå tomhendt bort. 11Då sende eigaren ein annan tenar, men dei skamslo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12Endå ein tredje sende han, men han òg slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13‘Kva skal eg no gjera?’ tenkte eigaren av vingarden. ‘Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær. Han vil dei vel ha vørdnad for.’ 14#Hebr 1,2 Men då vinbøndene fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: ‘Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’ 15#Hebr 13,12 Så kasta dei han ut av vingarden og slo han i hel.
Kva skal så vingardsherren gjera med desse vinbøndene? 16Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» 17#Sal 118,22 Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:
Steinen som bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
18 # Dan 2,34.44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»
19 # 19,47; 22,2 Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.
Er det rett å svara skatt til keisaren?
(Matt 22,15–22; Mark 12,13–17)
20 # 11,54 Sidan heldt dei auge med han og sende ut folk som skulle vakta på han. Dei skulle lata som dei var ærlege menn og prøva å gripa han på grunn av noko han sa, så dei kunne få gje han over i landshovdingens makt. 21Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. 22Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 23Men han merka baktankane deira og sa til dei: 24#20,24 denar ein romersk sølvmynt. =mynt. «Vis meg ein denar! Kven har biletet og namnet sitt på denne?» «Keisaren», svara dei. 25#Rom 13,7 Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» 26Dei greidde ikkje å setja han fast i noko av det han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.
Oppstoda frå dei døde
(Matt 22,23–33; Mark 12,18–27)
27 # Apg 23,8 # 20,27 saddukearar =retningar innanfor jødedomen. Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som nektar for at det finst ei oppstode. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
28 # 5 Mos 25,5 «Meister, Moses har gjeve oss denne forskrifta: Om ein gift mann døyr og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin. 29No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde barnlaus. 30Så gifte den andre seg med henne, 31og så den tredje, og på same måten alle sju, men alle døydde dei barnlause. 32Til sist døydde kvinna òg. 33Når dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har dei vore gifte med henne.»
34Jesus sa til dei: «Menneske i denne verda gifter seg og blir bortgifte. 35Men dei som blir haldne verdige til å vera med i den komande verda og stå opp frå dei døde, dei verken gifter seg eller blir bortgifte. 36#1 Kor 15,42ff Dei kan ikkje døy meir. Dei er som englane, og dei er Guds born, for dei er born av oppstoda. 37#2 Mos 3,6 Men at dei døde står opp, har Moses òg vist i forteljinga om klungeren, når han kallar Herren for Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. 38#Rom 14,8 Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. For dei lever alle for han.» 39#20,39 svara godt Dei skriftlærde, som for det meste var farisearar, trudde på oppstoda. Det gjorde ikkje saddukearane. Jf. Apg 23,8. =retningar innanfor jødedomen. Då sa nokre av dei skriftlærde: «Meister, du svara godt.» 40Sidan våga ingen å spørja han meir.
Kven Messias er
(Matt 22,41–46; Mark 12,35–37)
41Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son? 42#Sal 110,1; Matt 22,44; Apg 2,34f; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13 David seier då sjølv i Salmane:
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
43 til eg får lagt dine fiendar
som skammel for dine føter.
44David kallar her Messias for herre, korleis kan han då vera Davids son?»
Åtvaring mot dei skriftlærde
(Mark 12,38–40)
45Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane: 46#Matt 23,1ff; Luk 11,43 «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og likar å ta mot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod. 47Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

Markert nå:

Lukas 20: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring