Lukas 2
N11NN
2
Jesus blir fødd
(Matt 1,18–25)
1I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2#2,2 Kvirinius den høgste romerske embetsmannen i provinsen Syria i 6–9 e.Kr. Historieskrivaren Josefus fortel at Kvirinius heldt ei folketeljing i år 6. Kanskje siktar «første gongen dei tok manntal» til ei førebuande registrering nokre år tidlegare, før Herodes den store døydde i år 4 f.Kr. Jf. Matt 2,1. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
4 # 1 Sam 16,1ff; 2 Sam 7,12; Mi 5,1; Matt 2,4ff; Joh 7,42 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt 5#2,5 lova bort kan òg omsetjast «trulova». Etter jødisk skikk var trulovinga ein offentleg og bindande avtale mellom foreldra og kunne oppløysast berre ved skilsmisse. Det ekteskapelege samlivet tok først til med bryllaupet. og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. 6Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7#2,7 husrom Det gr. ordet kan visa til opphaldsrommet i eit privat hus, som kunne vera over eller på same planet som staden der dyra heldt til. Ordet kan òg visa til eit gjesterom eller eit nattlosji for reisande. Jf. 2 Mos 4,24; Luk 22,11. og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
8Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. 9Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11#2,11 Messias frelsarkongen som jødane venta på. =Jesu titlar. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
14 # 19,38; Ef 2,14ff # 2,14 Ære vere Gud … I yngre handskrifter har englesongen ei treledda form: «Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda, Guds glede mellom menneske.» «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»
15Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19#2,51 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.
Jesus får namn
21 # 1,31 # 2,21 omskjerast >1,59. Jesus >1,31. Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.
Jesus blir boren fram i tempelet
22 # 2,22 reinsingstida Fødsel gjorde ei kvinne kultisk urein for ei tid, jf. 3 Mos 12. =heilag og rein. Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. 23#2 Mos 13,2 For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren. 24#3 Mos 12,8 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.
25 # 2,25 Israels trøyst Simeon levde i vona om den tida då Messias skulle koma med berging for folket. Jf. Jes 40,1; 49,13; 61,2. I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, 26#2,26 Herren har salva Messias. =Jesu titlar. og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. 27No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, 28tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong
29«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
30 # Jes 52,10 For mine auge har sett di frelse,
31 # Jes 52,10 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
32 # Jes 42,6; 46,13; 49,6 eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
33Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. 34#Jes 8,14; Rom 9,33; 1 Kor 1,23; 1 Pet 2,8 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt 35#Joh 19,25 – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
36Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, 37#1 Tim 5,5 og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. 38#Jes 52,9#2,38 fridom kan òg omsetjast «frigjering», «utløysing» (jf. 1,68) eller «frelse» (jf. Hebr 9,12). I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
39Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. 40#2,52 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.
Jesus som tolvåring i tempelet
41 # 2 Mos 12,24ff; 23,17 Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. 42Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. 43Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. 44Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. 45Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. 46Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. 47#Joh 7,15 Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. 48Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» 49#Joh 2,16 Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» 50Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
51 # 2,19 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. 52#1 Sam 2,26; Luk 2,40 Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk