Lukas 19
N11NN

Lukas 19

19
Sakkeus
1Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen. 2#19,2 overtollar kanskje med ansvaret for tollinnkrevjinga i eit større område. Varer frå området aust for Jordanelva vart førte til Jerusalem via Jeriko. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. 3Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst. 4#19,4 morbærtre kan òg omsetjast «morbærfikentre» eller «sykomortre», eit tre som kan bli opptil 15 m høgt med store greiner som veks frå ein låg stamme. Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi. 5Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.» 6Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. 7#15,2+ Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.» 8#2 Sam 12,6#19,8 fire gonger så mykje Etter 3 Mos 5,16–24 skal eigedom ein har skaffa seg på uærleg vis, betalast tilbake med ein femtedels tillegg. For stolen buskap skal det etter 2 Mos 22,1 svarast fire- eller femdobbel skadebot. Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.» 9Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. 10#Esek 34,16.22; Matt 9,13; Luk 5,32; 15,4.6 For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»
Likninga om punda
(Matt 25,14–30)
11Medan dei høyrde på dette, heldt Jesus fram og fortalde ei likning. For han var nær Jerusalem, og dei meinte at Guds rike straks skulle koma til syne. 12#Mark 13,34#19,12 innsett som konge I land under romersk herredøme måtte lokale regentar godkjennast av keisaren. Han sa:
«Ein mann av høg ætt ville fara til eit land langt borte. Der skulle han bli innsett som konge og så koma heim att. 13#19,13 ti pund Eitt pund svarar til 100 dagløner. =mynt. Han kalla til seg ti av tenarane sine, gav dei ti pund og sa til dei: ‘Driv handel med desse pengane til eg kjem att.’ 14#Sal 2,2f Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: ‘Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.’
15Då han no kom att som konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent. 16Den første kom fram og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.’ 17#16,10 ‘Det er bra, du gode tenar’, sa kongen. ‘Fordi du har vore tru i lite, skal du få rå over ti byar.’ 18Den andre kom og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.’ 19Til han sa kongen: ‘Du skal rå over fem byar.’ 20Men så kom det ein og sa: ‘Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i eit tørkle. 21Eg var redd deg, for du er ein streng mann som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sådd.’ 22Då sa kongen: ‘Etter dine eigne ord dømmer eg deg, du dårlege tenar! Du visste at eg er ein streng mann som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sådd. 23Kvifor gav du ikkje pengane mine til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?’ 24Så sa han til dei som stod der: ‘Ta pundet frå han og gjev det til han som har ti frå før!’ 25‘Herre, han har alt ti pund’, sa dei. 26#Matt 13,12; Mark 4,25; Luk 8,18 ‘Ja, men eg seier dykk: Den som har, skal få, og den som ikkje har, skal bli fråteken sjølv det han har. 27Men desse fiendane mine, dei som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, før dei hit og hogg dei ned for auga mine.’»
Jesus kjem til Jerusalem
(19,28–21,4)
Jesus rid inn i Jerusalem
(Matt 21,1–11; Mark 11,1–11; Joh 12,12–16)
28 # 9,51+ Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på vegen opp mot Jerusalem. 29Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg 30og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og han har det aldri sete noko menneske på. Den skal de løysa og leia hit! 31Og er det nokon som spør: ‘Kvifor løyser de folen?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han.’»
32 # 22,13 Dei to gjekk av stad og fann det slik som han hadde sagt. 33Dei løyste folen, og dei som eigde han, spurde: «Kvifor løyser de folen?» 34Dei svara: «Herren har bruk for han.» 35Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå. 36Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen.
37Då han nærma seg skråninga ned frå Oljeberget, byrja heile mengda av læresveinar å lova Gud med høg røyst, glade som dei var, for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:
38 # Sal 118,26; Luk 2,14 # 19,38 Velsigna … namn! Lovprisingsropet er frå Sal 118,26, men her er ordet «kongen» lagt til. Jf. Joh 12,13; Sak 9,9. «Velsigna er han, kongen,
som kjem i Herrens namn!
Fred i himmelen
og ære i det høgste!»
39Nokre farisearar i folkemengda sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rette!» 40Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»
Jesus græt over Jerusalem
41 # 13,34f Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen 42#5 Mos 32,28f; Luk 8,10 og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. 43#Jes 29,3; Esek 21,27 Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. 44#Mi 3,12; Luk 1,68; 7,16; 21,6 Dei skal slå deg til jorda, og borna dine med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»
Tempelet skal vera eit bønehus
(Matt 21,12–17; Mark 11,15–19; Joh 2,13–16)
45 # 19,45 tempelplassen føregarden framfor tempelet. =Guds bustad. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel. 46#Jes 56,7; Jer 7,11 Og han sa til dei: «Det står skrive:
Mitt hus skal vera eit bønehus.
Men de har gjort det til ei røvarhòle.»
47 # 20,19; 21,37; 22,2.53 Sidan var han kvar dag på tempelplassen og underviste. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket leita etter ein utveg til å ta livet av han. 48Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle få det til, for alt folket heldt seg nær han og høyrde på han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.