Lukas 18
N11NN
18
Likninga om enkja og dommaren
1 # Rom 12,12; Kol 4,2; 1 Tess 5,17 Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet:
2«I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske. 3I same byen var det ei enkje. Ho kom gong på gong til han og sa: ‘Hjelp meg i saka med motparten min, så eg kan få min rett.’ 4Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: ‘Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske, 5#11,8 vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.’»
6Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege dommaren seier! 7Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? 8Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»
Likninga om farisearen og tollaren
9 # 16,15 Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
10 # Matt 6,5 «To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar. 11Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. 12#18,12 fastar held seg frå mat og drikke. Jf. 5,33. tiend gjev ein tiandedel av inntekta til Herren. Jf. 11,42. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’ 13#Sal 51,3.19#18,13 slo seg for bringa teikn på anger og bot. Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’
14 # 14,11+ Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»
Jesus og borna
(Matt 19,13–15; Mark 10,13–16)
15Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Læresveinane såg det og ville visa dei bort. 16Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17#Matt 18,3 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»
Jesus og den rike mannen
(Matt 19,16–30; Mark 10,17–31)
18 # 10,25 Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 19Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! 20#2 Mos 20,12ff Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal æra far din og mor di.» 21Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» 22#12,33 Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 23Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
24 # Matt 6,19; 13,22; Luk 12,15ff; 1 Tim 6,9f; Hebr 13,5 # 18,24 Jesus … og sa Nokre handskrifter har ein kortare tekst: «Då Jesus såg han, sa han». Jf. Mark 10,23. Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! 25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26«Kven kan då bli frelst?» spurde dei som høyrde på. 27#1,37 Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.»
28 # 5,11 Då sa Peter: «Kva så med oss? Vi har gått ifrå alt vårt og følgt deg.» 29Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld 30utan at han skal få det att mangedobbelt i den tida som no er, og eit evig liv i den verda som kjem.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att
(Matt 20,17–19; Mark 10,32–34)
31 # Jes 53; Luk 24,25ff Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. 32#9,22.44 Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, 33#Hos 6,2; Matt 16,21+ og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.» 34#9,45 Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje det han sa.
Den blinde mannen ved Jeriko
(Matt 20,29–34; Mark 10,46–52)
35Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga. 36Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på. 37Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.» 38#Matt 9,27; 15,22; Luk 17,13#18,38 Davids son i jødedomen ei nemning på den salva frelsarkongen. miskunna deg gr. eleison. >16,24. Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 39Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 40Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han: 41«Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet att!» svara han. 42#7,50+ Jesus sa til han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg.» 43Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk